Page 13 - UiT - Labyrint 04_2011

Basic HTML Version

Universitetet i Tromsø –
Labyrint 4/11
•••
13
I Paris i 1933, til dømes, fekk familien
­Danielsen frå Røros tilbod om hotell,
men dei føretrekte å bu i Boulogne-
skogen, kor dyreparken låg, saman med
reinen.
kunne stille krav
Utstilte samar var del av ein større
­utstillingspraksis som voks fram i
den vestlege verda utover 1800-talet.
­Representantar for framande folkeslag,
og det ein etter kvart skulle tenkje på
som «primitive» menneske, vart frakta
til Europa og Amerika kor dei viste fram
kvardagslivet sitt for dei besøkande – på
dei store arrangerte verdsutstillingane
og omreisande i dyreparkar, fornøyelses-
parkar og på sirkus. Baglo har undersøkt
og kartlagt om lag 400 samar på utstil-
ling frå 1822 og fram til 1950.
– Ved å gå grundig empirisk til verks –
inn i alle dei ustilte sine historier – har eg
funne eit mangfald av motivasjonar for å
la seg utstille, og samane gjorde seg ulike
erfaringar. I tillegg til å tene pengar, lærte
mange seg språk som la grunnen for
seinare utdanning. Dei hadde arbeids-
kontraktar som regulerte arbeidsopp-
gåver, løn, reisekostnader og medisinsk
tilsyn for folk og dyr. På verdsutstillinga
i Chicago i 1893, til dømes, forhandla ei
gruppe sørsamar seg til ein kontrakt som
fastslo at dei skulle bu på første klasse på
hotell undervegs.
Også triste historier
Men sjølvsagt er det også historier om
utnytting og dårlege arbeidsforhold.
Kontraktane vart ikkje alltid haldne, og
vilkåra viste seg nokre gonger å ikkje
vera i tråd med det mange hadde vorte
førespegla.
– Min konklusjon er likevel at all den tid
ein har å gjera med levande menneske,
vil dei alltid vera med og påverke sin
egen representasjon – i motsetning til
voksdokkene som kom i musea etterpå.
I dei levande utstillingane var det alltid
ei utveksling av interesser mellom dei
ulike aktørane, og eg meiner det er mest
dekkande å sjå på utstillingane som ein
ressurs for alle dei involverte.
Det mangla heller ikkje på kritiske
røyster i samtida – også frå samisk
hald. Spørsmålet om kva og kven som
var ekte samar, og korleis desse kunne
representerast, var også då eit sentralt
tema. Nokre samar gjekk til utstillingane
som ein økonomisk nødvendig utveg,
medan andre var nærast heilprofesjonelle
aktørar.
– Mange ressurssterke samar gjorde dette
til ein leveveg. Ein skal heller ikkje un-
dervurdere utstillingane som tidlege ur-
folksforum. På verdsutstillinga i Chicago
«Frå verdsutstillinga i Chicago 1893». Utstillar P.H. Coney i midten. Daniel Mortensson til venstre med minstesonen i komsa. Kjelde: Chicago History Museum.
Aktuelt: Samar på utstilling
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg