Page 12 - UiT - Labyrint 04_2011

Basic HTML Version

12
•••
Labyrint 4/11
– Universitetet i Tromsø
Frå midt på 1800-talet
og fram til andre
verdskrigen kunne ein
oppleva levande samar
på utstilling.
I dag blir dette ofte sett på som eit gufs
frå ei eksotiserande fortid – som eitt av
mange overgrep majoritetssamfunnet
utførde på «dei andre» og det annleise.
– Det er heilt feil å sjå dette som ei
einsidig utnyttingshistorie, seier arkeolog
­Cathrine Baglo.
Baglo disputerte nyleg på avhandlinga
«På ville veger? Levende utstillinger
av samer i Europa og ­Amerika». Dette
er det første doktorgradsarbeidet om
temaet, og i avhandlinga rettar ho krass
kritikk mot det offerbiletet av samane
som er skapt rundt denne utstillings-
praksisen – eit bilete ho meiner har
hindra forsking i lang tid.
– Det har gjort at fenomenet i seg sjølv
har vore avskrive på førehand, det har
overflødiggjort forsking og fortolking.
Det at utstillingane ofte var i dyreparkar
har vore forklaring nok for den for-
tolkande ettertida. Ingen har gått inn i
praksisen og sett kva som var føreset­
nadene. Det med dyreparkar, til dømes,
var eigentleg tilfeldig og hadde saman-
heng med at dette var utstillingsarealet
ein av dei største entreprenørane på
området, tyskaren Carl Hagenbeck, tok
utgangspunkt i. Dyrehagen, med sin
særeigne kombinasjon av hageanlegg,
framandarta arkitektur og levande dyr
framkalte umiddelbart noko av den
eksotiske totalopplevinga Hagenbeck og
mange andre utstillarar ønskte å for-
midle. Det var aldri nokon som prøvde å
framstille samane som dyr, seier Baglo.
– Dessutan føretrekte mange av samane
dyreparkane, for der var det dyrlegar
og reinen fekk med det skikkeleg stell.
Samane selde ikkje sjela si
«Mr. Bullock’s Exhibition of Laplenders». London 1822-23, familien Jens og Karen Thomassen Holm, frå Røros. Kjelde: Nasjonalbiblioteket