Page 14 - UiT - Labyrint 04_2011

Basic HTML Version

14
•••
Labyrint 4/11
– Universitetet i Tromsø
i 1893 stod sørsamen Daniel ­Mortensson
side om side med Sioux-indianarar,
noko som truleg førde til nære erfaringar
som den politiske samerørsla tidleg på
1900-talet fekk bruk for.
vart turistindustri
Levande utstillingar gjekk føre seg over
heile den vestlege verda, men likevel
syner dei ein fascinerande einskapleg
praksis, i følgje Baglo.
– Det er like type utstillingar i ulike
type nedslagsfelt over ein lang periode.
­Høgdepunktet er mellom 1880 og fram
til om lag 1910, med til dømes verds-
utstillinga i Paris i 1889. I denne perio-
den blir praksisen sett på som legitim
vitskaps- og kulturformidling. Men i
løpet av dei neste 10 til 20 åra opplever
utstillingane eit stort statusfall, og det
stogereine blir på kort tid veldig kritisert,
fortel Baglo.
– Rundt 1930,med eit etterslep i alle fall
fram til 1950, er det slutt på utstillin-
gane, men eg meiner det er ein glidande
overgang til den etniske turistindustrien
framover mot vår tid som samane var
med på å styre sjølve.
Noko anna enn «freakshow»
Såkalla «freakshow», der menneske med
ulike fysiske misdanningar vart viste
fram, var ektefødde barn av den same
tida som samane vart utsilte i.
– Men dette er likevel noko anna. På
freak­show fekk ein sjå individuell ulik-
skap, men utstillingane med samar og
andre folkeslag ville vise fram kollektiv
ulikskap. Nøyaktig, kulturell reproduk-
sjon, med framvising av det normale
familielivet, stod som eit heilt sentralt
mål for mange utstillarar.
– Og samane sjølve deltok i denne
­iscenesetjinga. Dei selde på ingen måte
sjela si, seier Baglo, men framstillingar av
liva sine og kulturen sin, framstillingar
som dei sjølve, gjennom det å vera til sta-
des, var med på å forme.
«Omreisande i kulturformidling: Lappkaravene fra Frostviken» (personar ukjent).
Kjelde: Tromsø Museum.
«Sørsamar i Hagenbecks Dyrepark 1926», deriblant Mathias Mortensson med familie. ­
Kjelde: Hagenbeck-arkivet, Hamburg
«Trygve Danielsen med kjørereinen i Odense cirka 1933». Kjelde: Privat
Aktuelt: Samar på utstilling