Page Sec1:23 - Labyrint nr. 3 - 2012

Nordisk arveforsking
Lars Ivar Hansen si arveforsking har drege
nytte av perspektiv frå mange andre fag-
område også. Han er seniorforskar i den
fleirfaglege forskargruppa ­Creating the
New North ved ­Universitetet i Tromsø,
og i det akademiske året 2014/2015 skal
han vera leiar for prosjektet «Foundations
and space of action of Nordic inheritance
law: Strategies, relations and historical
development c. 1100–2020» ved Senter for
grunnforsking i Oslo (CAS).
Det skal bli veldig spennande å arbeide
med folk frå andre fag og sjå på arveretten
i nabolanda våre over ein lang historisk
periode, seier Hansen.
Dei nordiske landa har opp gjennom his-
toria mange fellestrekk og berøringspunkt
på familie- og arverettens område, held
han fram, men samstundes er det også
klare skilnader som har nedfelt seg i ulik
lovgjeving og rettspraksis.
Tidleg i mellomalderen gjekk det eit
klart arverettslig skilje mellom vest og aust
i Norden, der lovene på Island, i Noreg og
vest-Sverige høyrde til den vestlege delen,
medan lovene i Danmark og aust-Sverige
høyrde til den austlege. Med Magnus
Lagabøtes landslov, sommykje godt
var gjeldande rett i
Noreg fram til 1687,
tilnærma norsk lov
seg ein del av den
aust-nordiske retten.
Og både denne og
seinare lovverk var
også påverka frå
andre lover; kanonisk
rett (internasjonal
kyrkjerett) i mellomalderen, tysk-romersk
rett på 1500- og 1600-talet, tysk rett på
1800-
talet og ‘common law’-rettskulturar
frå England og USA i dag, seier Hansen.
Grunna 400 år i union med Danmark er
norsk og dansk arverett i dag svært mykje
den same, medan den svenske skil seg
noko ut. Til dømes har ikkje Sverige den
same ordninga for å sitja i uskifta bu, altså
retten for den som lever lengst til å sitja
med formuen til den avdøde ektefellen
utan å skifte med dei andre arvingane,
somme kjenner frå norsk og dansk rett.
Utover slutten av 1800-talet var det eit
utbreidd skandinavisk lovsamarbeid, og
den norske ekteskapslova frå 1918 er på
mange måtar eit skandinavisk lovprodukt,
seier Unneberg.
Heilt nye utfordringar
Samfunnsendringane den seinare tida
stiller dei nasjonale arverettane på prøve.
Ikkje berre av di samlivsformer og familie­
mønster endrar seg med dine, mine og
våre barn, og grunn-
leggjande ansvar
for forsørging og
underhald er endra i
takt med utviklinga av
velferdsstatane. Men
også av di folk, meir
og mindre frivillig,
flyttar over lande-
grensene som aldri
før, noko som i sin tur
har ført til høgare grad av sameksistens
mellom grupper med ulike verdisett og
rettstradisjonar. I Noreg er det no sett
ned eit utval som skal laga framlegg til ny
arvelov, sommellom anna arbeider med
desse utfordringane, og Inge ­Unneberg sit
i dette utvalet.
Utgangspunktet er at norsk lov gjeld i
Noreg. Men i kva grad kan andre lands
lover påverke privatrettslege spørsmål?
Formelt er det ikkje så vanskeleg – kvart
land har sine lover, og me har internasjo-
nale konvensjonar som regulerer forhol-
det dei imellom. Men i praksis blir det
ofte kultur­kollisjonar når innflyttarar vil
ta i bruk eigne rettsreglar for å ordne i til
dømes arveoppgjer, seier Unneberg.
Men notidas mobilitet fører også til andre
utfordringar. Kva skjer når ein statsborgar
døyr utanfor heimlandet? Hovudregelen
er klar: Det er landet du bur i sine arvere-
glar som gjeld.
Men nokre år sidan var det ein nord-
mann som skulle flytte heim igjen etter
å ha budd mange år i USA. På veg ned
flytrappa på Kjevik lufthavn snubla han,
datt og døydde. Då vart spørsmålet – var
han død i heimlandet eller utlandet? Og
kva var heimlandet?
Svaret vart at han døydde som norsk, i
Noreg, av di han hadde tenkt å bli buande
fast i Noreg.
KJELDER:
uit.no/forskning/cnn
DN XII-202, 19. mars 1440.
DN XII-212, 1. april 1447.
Universitetet i Tromsø –
Labyrint 3/12
•••
23
Men notidas
mobilitet fører
også til andre utford­
ringar. Kva skjer når ein
statsborgar døyr utanfor
heimlandet?
«
Når den lovgivende myndighet først engang har ordnet borger-
nes arverett, kan den hvile seg i århundrer. Når maskinen først
er satt i gang, går den av seg selv og styrer mot et mål som er
fastsatt på forhånd. Hvis arveloven er formet etter ett prinsipp,
vil den konsentrere storparten av et samfunns rikdom omkring
noen enkelte individer, og snart vil makten følge med. Slik kan
den få et aristokrati til å springe frem av jorden. Når arveretten
er bygget på andre prinsipper, virker den enda raskere: den deler
opp, fordeler og sprer både eiendom og makt.»
Alexis de Tocqueville (1805–1859), fransk historikar, sosiolog og statsvitar.