Page Sec1:22 - Labyrint nr. 3 - 2012

kroner. Frå Sverige kjenner me striden
om rettane og arven etter Stieg Larssons
suksessforfattarskap – der sambuaren og
samarbeidspartnaren gjennom 30 år, Eva
Gabrielsson, står mot broren og faren til
Larsson. Larsson skreiv aldri noko gyldig
testamente før han døydde, og
dermed har Gabrielsson ingen ret-
tar. Fredsprisvinnar Aung San Suu
Kui tapte i sommar striden med
broren om familieeigedomen, som
han kravde halvparten av.
Kranglar me meir enn før?
Nei, det trur eg ikkje, men det er meir
å krangle om, seier Inge Unneberg, før-
steamanuensis II ved Juridisk fakultet ved
Universitetet i Tromsø. Han disputerte i
2009
på avhandlinga «Avtaler om arv –
forhåndsavtaler om fordeling av etterlatt
formue.»
Difor ville det vore veldig lurt for alle
partar om fleire avklarte og avtalte forde-
ling av arv medan dei enno var i live. Av
dei mange arverettstvistane som pågår, må
me jo tru at svært få var planlagde å ende
for domstolane, seier Unneberg.
Men kvifor er dette så viktig for oss? Me
høyrer jo stadig om tilsynelatande harmo-
niske familiar som hamnar i bitter strid og
blir øydelagde for alltid?
Eg trur ikkje det er så enkelt at det hand-
lar berre om griskheit. Dei som er veldig
opptekne av pengar, burde halde seg unna
rettssalen. For å dempe «prosesslysten»
brukar eg å seia til klientar at dei heller
kan selja alt dei har og gje det til advoka-
tane med ein gong. For det er der pengane
havnar til slutt, ler ­Unneberg.
Men det handlar om noko meir. Arve-
retten byggjer på tilhøyrigheit, og om ein
part blir stengd ute frå arv eller får mindre
enn ein annan, kan han eller ho føle at det
er grunnleggjande tilknytingsband som er
vorte brotne, seier han, og legg til at dette
skulle han gjerne forska meir på, saman
med sosiologar og psykologar.
Dei mest vanlege motpartane i
arverettssaker i norske domstolar
i dag, er gjen­levande ektefelle og
hans eller hennar steborn. Kven
skal få arven etter den avdøde
ektemannen og faren? Og det viser
seg veldig ofte at det ikkje først og
fremst er snakk om pengar, men
såra kjensler og uavklarte forhold.
«
Kvifor spurde han ikkje først?» seier
ungane.
Og så er det ære.
Eg var nyleg involvert i ei sak der
konflikten stod om 100 millionar, men
for den eine parten var ikkje pengane det
viktigaste, men å gjenopprette krenkinga
dei hadde vorte utsette for.
22
•••
Labyrint 3/12
Universitetet i Tromsø
Tema:
arv
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg
Dei som er veldig opptekne av
pengar, burde halde seg unna
rettssalen, og heller selja alt dei har og
gje det til advokatane med ein gong.
For det er der pengane havnar til slutt!
Advokat Mona Høiness var denne hausten part i ei arverettssak med slektningane til ekteparet Per og Synnøve Alver Urdahl. Testamentet vart kjend gyldig, og Høiness vann.
Foto: NTB Scanpix