Page Sec1:21 - Labyrint nr. 3 - 2012

samtykke i at garden eigentleg tilhøyrde
eldstemann Eivind.
Men diverre – me veit ikkje kva som blir
endeleg utfall i saka, men om domsmakta
følgjer lova skal i alle fall garden følgje
slekta til Sigrid og Eivind framover. Om
Ivar døyr barnlaus er det ikkje farsslekta
hans som skal arve garden, men morsslek-
ta. Det var eit anna viktig hovudprinsipp i
lovgjevinga frå byrjinga av 1300-talet – at
dei jordegodsverdiane du tok med deg inn
i eit ekteskap skulle gå attende til slekta di,
om det ikkje vart felles ungar i ekteskapet
og så sant det ikkje var gjort spesifikke
avtaler om noko anna i form av ekteskaps-
kontraktar. Dette galdt både for menn og
kvinners eigedom.
Det står ingen ting i dei to dokumenta me
har bevart om denne saka korvidt Sigrid
eller foreldra måtte bøte for Sigrids af-
fære med den andre mannen då Jon var i
Roma. Sex utanfor ekteskap var eit lovbrot
som det måtte betalast bot for. Bota skulle
i så fall formelt gått direkte til den fornær-
ma parten, altså Jon, og ein kunne tenkje
seg at andre halvdelen av garden difor vart
gjeven til han som bot. Men det skjedde
ikkje – det er Sigrid sjølv som får også den
andre halvdelen av garden. Seksuallov-
brotet til Sigrid har altså i første omgang
ikkje vorte teke til rettsapparatet, men når
det i neste omgang blir arvekrangel ut av
det, då kjem saka til torgs, dokument blir
produserte – og me kan få innsyn i saka
600
år seinare.
«
Ekte» fødsel avgjerande
Eitt av hovudkriteria for å skilje mellom
dei ulike 57 arvegruppene i Magnus La-
gabøtes landslov – og dei fleste andre ar-
velover heilt opp til ganske nyleg – var om
du var «ektefødd» eller ikkje; det vil seia
om du var fødd innanfor eit lovleg forma
ekteskap. Og kva var så eit lovleg ekte-
skap? Det var til dels kompliserte reglar
for det også – som ikkje minst endra seg
gjennommellomalderen og oppover mot
vår tid – men grunnføresetnaden allereie i
mellomalderen var at mor og far friviljug
skulle ha framført sine ekteskapslovnader
for Gud. Og dei to kunne heller ikkje vera
for nært beslekta – etter året 1215 sette
kyrkja grensa til 4. ledd. Altså – femmen-
ningen din var den næraste du lovleg
lunne gifte deg med. Og ikkje berre din
kjødelege femmenning, men alle du også
kom i familie med gjennom den inngifta
slekta di. Så om ein unge var unnfanga
før eller etter ekteskapsinngåinga, eller
om ekteskapsprosedyrane var følgde til
punkt og prikke, eller om far til bror til
brura eigentleg var tremenning til mora til
svogeren, opna sjølvsagt for stort hand-
lingsrom og høve for folk til å manøvrere
gjennom lovverk og etablert praksis.
Henrik VIIIs liv – eit prakteksem-
pel
Norske tvsjåarar har dei siste åra i fleire
sesongar av serien «Tudors» kunne følgje
den engelske kong Henrik VIII sitt liv.
Hans talrike ekteskap – og forløpa og
resultata av desse – rommar mange av dei
sentrale områda i arveretten: Spørsmål om
ekteskapa vart lovleg inngått, om partane
var for nær beslekta og om ungane såleis
var ektefødde. Ein etter ein måtte konene
til Henrik ut av ektestanden – anten ved
annullering på grunn av feile premissar –
eller ved at dei vart dømde til døden for
skuldingar om å ha vore Henrik utru. Og
den arverettslege statusen til ungane han
hadde med dei ulike konene endra seg
såleis med dei ulike ekteskapa hans.
Sjølv omme finn arverettstvistar både
høgt og lågt i samfunnet, er sjølvsagt Hen-
riks tilfelle spesielt – her er det ikkje berre
jordeigedom, men først og fremst arveret-
ten til den engelske trona som står på spel,
så naturleg nok er det sterke interesser
involvert. Og eitt av resultata av Henriks
manøvreringar innanfor ­ekteskaps- og
arveretten, er at den ­engelske kyrkja bryt
med paven i Roma, noko som fører til
grunnleggjande endringar i det engelske
samfunnet langt utover Henrik og hans
oppveksande ­døtrer, Elisabeth 1. og Maria
«
den ­blodige», sine levetider.
Mykje krangling
Men om statsstyringa i det fleste statar
ikkje blir overført på denne måten lenger,
er det slåande at grunnlaget for mel-
lomalderens arvetvistar ikkje har endra
seg monaleg til i dag. Media kunne i
haust breitt referere frå rettssaka mellom
advokat Mona Høiness og slektningane til
ekteparet Per og Synnøve Alver Urdahl,
om arven etter desse på 100 millionar
Universitetet i Tromsø –
Labyrint 3/12
•••
21
Henrik VIII hadde seks koner og tre ektefødde born som voks opp. Både ekteskapa og livet til tronarvingane var prega av
Henriks manøvreringar innanfor arveretten. Illustrasjon: Wikimedia Commons