Page Sec1:20 - Labyrint nr. 3 - 2012

Det er eit evig gyldig og aktuelt tema,
seier Lars Ivar Hansen.
Når du ser på moderne krim og drama-
seriar viser det seg jo at så godt som alle
motiva for dei kriminelle handlingane
handlar om arv, eigedom og samliv,
smiler han.
Alt dreier seg eigentleg om arv.
Bevisst og aktiv arvepåverknad
Hansen er professor i mellomalder­historie
ved Universitetet i Tromsø og har i ei
årrekkje forska på og undervist om arv,
mellom anna på emnet «Arv, eigedom og
giftarmål i europeisk mellomalder».
I dei europeiske mellomaldersamfunna
var jordeigedom det viktigaste grunnlaget
for all livberging og rikdomskonsentra-
sjon. Overføring av rettar knytt til jorda
var difor heilt sentralt for dåtidas men-
neske, frå alle samfunnslag, og studiet av
dei ulike prinsippa for slik overføring blir
såleis eit studium av heile samfunnet, seier
han.
Og sidan eigedomsoverføringa først og
fremst gjekk gjennom ekteskap og arv,
er det eit heilt sentralt inntak til å forstå
kvinners stilling i samfunnet. Ulike sam-
funnslag, klassar og institusjonar – som
kongedømet og kyrkja – søkte å påverke
arvesystema og giftarmålspraksisen, slik
at det tente interessene deira. Så det som
for eit moderne menneske kan sjå ut som
overformynderi frå stat og kyrkje og fami-
lie – på unge, gifteklare kvinner og menns
vegner – kan ein seia at først og fremst er
ein konsekvens av systema for eigedoms-
og ressursoverføring, seier Hansen.
Og systema var kompliserte, også i
mellomalderen. Magnus Lagabøtes
landslov frå 1270 avløyste dei tidlege
landskaps-lovene som Gulatingslova og
­
Frostatingslova og var den første fel-
les lovboka for heile det norske riket.
Arverekkjefølgja blir der delt inn i heile
13
klassar og innafor kvar klasse er fleire
grupper spesifiserte. I første arveklasse
kjem ektefødd born og ektefødde barne-
born, og av desse skal brør ha dobbelt så
mykje som søstrer.
Det er frå denne fordelinga at uttrykket
«
å ta brorparten av noko» stammar, fortel
Hansen.
Om det ikkje var nokon arvingar i denne
første klassen, går arven vidare til klasse 2,
og er det ingen der, vidare til klasse 3 – og
så vidare. Og systemet går altså nedover i
heile 13 ulike klassar, med 57 ulike grup-
per som kan ta arv.
Men sjølv dette kompliserte og detalj­
erte systemet er ope for påverknad, og i
kjeldene ser me korleis kvinner og menn,
ektefeller, familiar og andre institusjo-
nar på ulikt vis har prøvd å tilpasse seg
til og bruke arveretten til sin fordel og
sine interesser. Mellom anna i form av
ekteskapskontraktar som på ulikt kvis re-
gulerte kva som skulle vera særeige og kva
som skulle vera felles eige i det inngåtte
ekteskapet. Det er bevart svært mange
slike i det norske mellomaldermaterialet,
og her ser me mykje taktikkeri – det er
fantastiske kjelder, fortel ein oppglødd
Hansen.
Konflikt skapar kjelder
Så spørsmål om arv, både slik dei kjem
til uttrykk i lovgjevarnes teori og slik dei
kjem til uttrykk gjennom ulike former for
praksis i rettsprotokollane, fortel oss ein
heil del om eldre tids samfunn. I tillegg er
det eit felt som har vore særleg produktivt
når det gjeld å skapa kjeldemateriale for
ettertida. I og med at arvereglane heile tida
blir utfordra av ulike interesser, blir det
fort tvistar og andre konfliktar ut av det.
Og det er konfliktar som skapar kjeldema-
teriale som folk tek vare på.
Sengehalmen var den absolutt vanlegas-
te staden å gøyme slike verdiar – og fleire
av dei store kjeldesamlingane me har frå
mellomalderen innheld dokument som er
funne rundt om på gardane i sengene til
folk, fortel Hansen.
Er folk einige og vel forlikte om ei sak, er
sjansen for at det blir produsert skriftleg
materiale for ettertida mykje mindre enn
når folk kranglar om ei sak.
Låg seg
ikkje
frå gard og grunn
Til dømes slik søskena Sigrid, Eivind og
Olav gjorde, då dei på 1440-talet vart
ueinige om arven etter foreldra:
Sigrid arva halvparten av garden Brårud
i Skjeberg av foreldra då ho vart trulova
med Jon. Men han for i veg til Roma ein
tur, og i mellomtida greidde ikkje Sigrid
vente på sin tilkomande, men tok seg ein
annan mann medan Jon var i den evige
stad. Dette likte sjølvsagt ikkje Jon og ville
ikkje ha Sigrid då han kom att. For at han
skulle tilgje, ombestemme seg og ta henne
til ekte, gav foreldra også andre halvpar-
ten i garden til Sigrid – noko dei eldre
brørne hennar, Eivind og Olav, samtykte
i ved at dei sa frå seg og ­arvingane sine
odelen. Og Jon takka ja og gifta seg med
Sigrid. Men så må brørne ha angra seg og
mobilisert for å få att garden på odel – dei
får til og med Ivar, sonen til Sigrid og Jon
som tydelegvis har overteke garden, til å
20
•••
Labyrint 3/12
Universitetet i Tromsø
Tema:
arv
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg
Alle samfunn, til alle tider, har på ein eller annan
måte regulert arv – det vil seia regulert måten
ressursar blir overførte mellom generasjonar. Ein
kan seia det så enkelt: Viss eit samfunn først har
reglar, så er dei gjerne om arv.
Det er frå denne
fordelinga at
uttrykket «å ta brorparten
av noko» stammar.