ScanDiaSyn-bloggen i mars 2006
Tysdag 28. mars
Janne, Tor og eg har ein kronikk i Dagbladet i dag om finansiering av språkforsking. Vår eigen tittel var "Vilje til humanistisk e-forskning!", men Dagbladet fann på ein eigen. Vel, uansett er det bra å ha fått han inn – Dagbladet når mange lesarar i Noreg.
-Øystein
Laurdag 25. mars
Henrik Jørgensen og eg har bede om å få arrangera workshopen "Syntaktisk variasjon i nordiske målføre" under 8. Nordiske Dialektologkonference i Århus 15.-18. august i år (sjå denne merknaden i forumet). Vi veit allereie om aktuelle innlegg på workshopen, og om det er fleire som er interesserte, er det berre å ta kontakt (men då så snart som muleg).
-Øystein
Fredag 17. mars
I går hadde eg innlegg på konferansen "Syntactic Doubling in European Dialects" som no held på ved Meertens Instituut i Amsterdam. Innlegget mitt kalla eg "Syntacic doubling phenomena in Scandinavian" og eg forsøkte å gi ei lita liste på potensielle dubleringsfenomen i nordisk. Tarald hadde òg innlegg – om eit tilfelle av resumptivt pronomen ved subjektsekstrasjon i Bodø-dialekten som Toril Fiva har beskrive i ein artikkel frå 1991. Anna-Lena skal halda sitt innlegg i dag og Jan-Ola og Jóhannes Gísli sine i morgon – totalt er vi altså fem nordbuarar her med innlegg.
-Øystein
Þriðjudagur 14. mars
Bibliografidatabasen inneheld no også dialektsyntaktiske referansar frå den finlandssvenske bibliografidatabasen Finna. Takk til Svenska litteratursällskapet i Finland som velviljug har gjeve oss løyve til å leggja dei finlandssvenske referansane inn i bibliografidatabasen vår.
Øystein ... viltu vera svo vænn að leiðrétta nýnorskuna mína ...
-Gunnar Hrafn
Fredag 10. mars
Eg har laga til ei mappe "Arbeidsgrupper" under "Aktivitetar" der eg tenkte vi kunne samla informasjon om grupper innanfor ScanDiaSyn-paraplyen som arbeider med spesifikke emne. Bakgrunnen er at vi har starta to lese-/arbeidsgrupper her i Tromsø, ei om infinitivssetningar og ei anna om verbflytting, og vi ser for oss at desse gruppene skal ha ei blogg-liknande side her på heimesidene med korte rapportar frå kvart møte. Viss det blir oppretta andre tilsvarande arbeidslag ved nokon av dei andre ScanDiaSyn-gruppene, ville det vera fint å oppretta tilsvarande sider under den same mappa, ikkje minst for å synleggjera aktiviteten. (Eit anna alternativ er sjølvsagt å nytta seg av forumet.)
-Øystein
Onsdag 1. mars
I dag sende eg inn ein søknad om Nordic Language Variation Network (NLVN) til NordForsk. Søknaden kjem inn under den nye støtteordninga til nordisk nettverk av spissforskingseiningar. Curt Rice står som leiar for NLVN og seks forskargrupper står bak søknaden: (i) CASTL i Tromsø, (ii) DGCSS i København, (iii) Höskuldurs prosjektgruppe på Island, (iv) Christers GRIMM-gruppe (‘Grammar in my mind’) i Lund, (v) UPUS-nettverket leia av Brit Mæhlum ved NTNU, og (vi) ei gruppe i Bergen leia av Gjert Kristoffersen. Tanken er å skapa ein givande arena for diskusjon mellom sosiolingvistar og grammatikarar, sameina kreftene så å seia, snarare enn å halda på kvar på sitt hald. Vi får no sjå om vi kjem vidare til neste runde – det får vi beskjed om i slutten av april – og så skal det utviklast ein endeleg søknad, men dersom vi vinn fram med dette framstøtet, vil jo aktivitetane til NLVN gripa inn i ScanDiaSyn-aktivitetane, og det vil utan tvil drypa òg på dei gruppene som formelt sett ikkje er med i NLVN.
-Øystein
|