Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2025
HIS-2001 Historie sett i lys av kildene - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Studiepoengreduksjon
Innhold
Emnet gjev ein introduksjon til arbeidet med historiske kjelder. Studentane møter aktuelle kjeldekategoriar frå ulike historiske periodar, som:
- sagaer, lover og diplom (mellomalderbrev)
- jordebøker, manntal og skattelister
- tingbøker og skifteprotokollar
- kyrkjebøker og folketeljingar
- offentleg statistikk
- brev, dagbøker og private arkiv
- aviser
- bilete og audiovisuelle kjelder
- munnlege kjelder
- digitale kjelder
I emnet drøftar me kva for spørsmål dei ulike kjeldetypane kan bidra til å belyse, og kva for utfordringar og moglegheiter dei ulike kjeldetypane opnar for, inkludert forholdet mellom digitaliserte og digitalt skapte kjelder. Me ser på trekk ved opphavssituasjonen til dei ulike kjeldetypane, kvar dei ulike kjeldene og kjeldeseriane finst og korleis me kan finne fram i dei. Emnet legg også vekt på å drøfte korleis primærkjelder kan koma til syne i ulike type historiefaglege tekstar, både for eit vitskapleg og eit allment publikum.
I tillegg gjev emnet ei innføring i lesing av gotisk handskrift (nygotisk paleografi), rådande i sentral-Europa/Norden frå ca. 1500 til siste halvdel av 1800-talet.
Opptakskrav
Fullført 60 studiepoeng på 1000-nivå i historie
Generell studiekompetanse ellerrealkompetanse.
Søknadskode 9199 enkeltemner - lavere grad.
Hva lærer du
Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om:
- sentrale kjenneteikn ved den historiske kjeldekritikken
- sentrale kjeldekategoriar innanfor fagområdet
- kva for spørsmål ulike kjeldetypar kan bidra til å setje lyset på og presentere trekk ved opphavssituasjonen til ulike kjeldekategoriar
- kvar dei ulike kjeldeseriane finst og korleis ein finn fram til dei og finn fram i dei
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kritisk vurdere historiske kjelder
- analysere og trekkje eigne slutningar ut frå aktuelle kjeldekategoriar frå ulike historiske periodar
- drøfte det historiske kjeldeomgrepet
- drøfte digitale utfordringar og moglegheiter i arbeid med historiske kjelder
- kjenne igjen og tyde gotisk handskrift
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråket skal normalt vera norsk. For å oppnå instrumentelle mål om å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklege studentar og/eller integrere studentar med anna morsmål enn norsk/anna skandinavisk språk, kan undervisningsspråket også vera engelsk.
Eksamensspråk er normalt norsk, men det kan også gjevast høve til å skrive oppgåver og eksamenssvar på andre språk. Det må eventuelt avtalast med instituttet på førehand.
Undervisning
Førelesingar (video), seminar og kollektiv og individuell rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåve. Omfanget av undervisninga tilsvarar omtrent 36 timar, der 12 timar utgjer eit eige kurs i gotisk handskrift.
Undervisning som er gjeve i løpet av semesteret blir også rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentar kan prøvast i til eksamen.
Alle emne blir evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.