Page 14 - UiT - Labyrint nr2_2012

Basic HTML Version

som skjer når brødet blir til Jesu lekam.
Dette står sentralt i katolisismen, og det
nordre altaret er til dømes vigd til Kristi
lekam – og St Olav og St Andreas, fortel
Bergesen.
Både Olav og Andreas og alle dei andre
helgenane på altara vart feira behørig
med eigne festar i kyrkja – kanskje ved
prosesjonar frå altar til altar eller ut og
omkring kyrkja. Men også i den daglege
liturgien vart motiva på altarskåpa flittig
brukte.
– Skåpa kunne stå anten oppslått eller
lukka – eller med fasteduk over, og det
var ulike motiv på innsida og utsida. Det
nordre altaret er kalla Mariaskåpet, for
oppslått er Maria flankert av St Mikael
og St Kristoffer. Høgaltarskåpet har Den
heilage slekta som hovudmotiv, medan
på det søre altaret står Birgittaskåpet,
med Anna-sjølv-tredje (Anna, (mor til)
Maria og Jesus) i midten og St Birgitta
og St Katarina (dotter til Birgitta) av
­Vadstena på sidene. På utsida av fløydø-
rene er også Den heilage slekta framstilt.
– Dessutan er det tre avlatsbilete som
kan tyde på at kyrkja var eit slags lokalt
pilegrimsmål der folk kunne søkje for å
få tilgjeving og avlat: Veronikas sveit-
teduk, Smertensmannen og Maria i
stråleglans, også kalla Den apokalyptiske
madonna. I staden for å reise til Roma
kunne ein gjera ei form for spirituell
pilegrimsreise framom Veronikas sveit-
teduk.
Overraskande motiv
Altarskåpa har eit mangfald av ulike
motiv, og sjølv om kvart skåp har ein
indre logikk, er det ikkje alt som passar
med alt. Det er også ein del overraskande
biletbruk, i følgje Bergesen.
– Den heilage slekta er på to av altara
– eit svært sjeldan motiv i Skandinavia.
Det syner den kvinnelege delen av slekta
til Jesus attende til kong David. Men eg
trur det er vald til Trondenes grunna den
maritime tilknytinga og tørrfiskhande-
len. Den heilage slekta vart gjerne sett
på som byborgarskapet – som jo styrde
store delar av denne handelen – sitt
sjølvbilete.
– Også motivet med Akakius og dei
10.000 martyrane på innsida av fløydøre-
ne av Birgittaskåpet er uvanleg – i Noreg
finn me det elles berre i Ringsaker. Eg
meiner det kan knytast til krossfarari-
deologien rundt den heilage Birgitta, og
kanskje kan Trondenes si plassering i
grenseområdet av den kristne verda –
mot heidenske samar og russarar, vera
årsaka til dette, seier Bergesen.
Men det er også mange motiv ein kan
vente å finne langs kysten; St Anna og
den heilage slekta er vernehelgenar
for sjøfolk, og St Nicholas, som heile
kyrkja er vigd til, er vernehelgen for sjø­
kapteinar.
– I koret finn ein også veggmåleri av
båtar – ein slags graffiti – noko som
tydeleg syner sambandet med fisket og
sjøfart.
Noregs finaste?
Trondeneskyrkja er utan tvil ei perle. Er
ho rett og slett Noregs finaste kyrkje?
– Slik kyrkja står i dag er ho i alle fall
den mellomalderkyrkja i Norden med
det mest rikhaldige inventaret, avsluttar
Bergesen.
14
•••
Labyrint 2/12
– Universitetet i Tromsø
Veronikas sveitteduk – eit avlatsbilete. Foto: Rognald Heiseldal Bergesen
Aktuelt: Kyrkjehistorie