Page 13 - UiT - Labyrint nr2_2012

Basic HTML Version

– Altarskåpa var heilt sentrale element i
tidesongen til dei katolske prestane. Dei
utførde ein omfattande liturgi og song
messe åtte gonger dagleg ved dei åtte
altara som opphavleg stod i kyrkja. Ved
høgaltaret hadde prestane forsamlings-
messe for seg sjølve, men ved sidealtara
kunne dei ha privatmesser, og der kunne
òg lekfolk vera med, viss messa til dømes
vart halden for sjela til ein avdød fami-
liemedlem.
– Elles deltok lekfolk på messe kvar sun-
dag og ved helgenfestar – og dei var det
mange av. Nattverdsmesse for alle var
det berre ein gong i året, fortel kunstvitar
Rognald Heiseldal Bergesen.
I si ferske doktoravhandling «Sangere
i det himmelske Jerusalem. Funksjons-
analyser av middelalderinventaret i
­Trondenes kirke» har han ikkje berre
teke for seg altarskåpa og korleis motiva
på desse vart brukte i messa, men også
det andre mellomalderinventaret i kyrkja
og sett dette i sin katolske samanheng.
Tre av altarskåpa står framleis i kyrkja i
dag, og eitt er på Oldsaksamlinga i Oslo,
men kjeldene fortel også om anna funk-
sjonelt inventar.
– Der var også 12 korstolar og eit lekto-
rium – det vil seia eit galleri som skilde
koret og skipet i kyrkja og primært vart
brukt til tekstlesing. Dette vitnar om
at kyrkja var tilrettelagt for det store
presteskapet som måtte til for å halde
den omfattande liturgien gåande, seier
Bergesen.
– Kyrkja på Trondenes var såleis det me
kallar ei kollegiatkyrkje – altså ei kyrkje
der eit fleirtalig presteskap budde og
virka saman i eit kollegium.
I tørrfiskens tid
I tillegg til å halde messe i hovudkyrkja
reiste prestane rundt og gjorde teneste
i alle dei underliggjande kapella – an-
nekskyrkjene – til Trondenes. På slutten
av katolsk tid omfatta det store pre-
stegjeldet Trondenes heile 14 kyrkjer
i Sør-Troms, og det var eit såkalla
‘kannikgjeld’ – det vil seia eit prestegjeld
som kannikane i domkapitlet i Nidaros,
altså prestane i den store kyrkjeadminis-
trasjonen under erkebispen, hadde slått
inn under seg og sat med inntektene frå.
Trondenes kannikgjeld var av Noregs
rikaste prestegjeld i slutten av seinmel-
lomalderen – og såleis svært ettertrakta.
– Trondenes låg midt i det området der
ein på 1400- og 1500-talet kunne hauste
store rikdomar frå tørrfisk og tørrfiskek-
sporten ut på dei internasjonale mark-
nadene. Inntektene og overskotet vart
brukt og fordelt ulikt, men på Trondenes
syner i alle fall desse rikdomane att i
kyrkjekunsten og kyrkjeinventaret, seier
Bergesen.
– Dei tre noverande altarskåpa er daterte
til tidsrommet 1460–1500 og kjem frå
nordtyske verkstader. Dei var alle bestil-
lingsverk frå den nordlege kyrkjeprovin-
sen.
pilegrimsmål
– Noko av det viktigaste som gjekk føre
seg ved altara for dei som deltok på
messa, var å sjå nattverdsbrødet bli løfta.
Det var den handlinga som utløyste
transsubstansiasjonen – altså endringa
Altarskåpa ­
på Trondenes fortel
Trondenes kirke er vidt kjent for sine fantastiske altarskåp frå 1400- og
1500-talet. Dei har stått i kyrkja frå katolsk tid, gjennom reformasjonen og
fram til våre dagar. I skåpa har kunstvitar Rognald Bergesen forska fram
spennande kyrkjehistorie.
Universitetet i Tromsø –
Labyrint 2/12
•••
13
Aktuelt: Kyrkjehistorie
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg