Page 13 - UiT - Labyrint nr. 1_2012

Basic HTML Version

Universitetet i Tromsø –
Labyrint 1/12
•••
13
– Deira politiske og ideologiske prosjekt
var for dei ein del av den norske nasjons­
bygginga. Det var mothegemoniske
prosjekt, altså prosjekt som represen-
terte alternativ til det dominerande,
som til tider braut gjennom og greidde
å etablere seg i det nasjonale ordskiftet.
Sjølv om strategane i samtida ikkje vann
fram med dei samiske krava sine, var
dei like fullt ein del av nasjonsbyggings-
prosessen, seier Ketil
Zachariassen.
Heilskapleg
framstilling
Zachariassen dispu-
terte nyleg på doktor­
avhandlinga si som
omhandlar den same-
politiske opposisjonen
i Finnmark mellom
1900 og 1940.
– Eg har utvida
forskingsfeltet ved å
inkludere både kultu-
relle, politiske og vit-
skaplege perspektiv i
ein langsgåande analy-
se over førti år. Det er
ikkje nok å sjå på sku-
lepolitiske diskusjonar
og resul­tat av desse i Stortinget, om ein
skal få grep om den samiske opposisjo-
nen. På kva for andre arenaer braut det
samiske fram? Aviser, skjønnlitteratur –
og ikkje minst vitskapleg kartlegging og
forsking må ein også ha med. Bakteppet
er sjølvsagt fornorskingspolitikken, men
eg har vore oppteken av dei samiske
aktørane og korleis dei argumenterte – i
det samisk­språklege ordskiftet i Finn-
mark, i det norskspråklege ordskiftet i
Finnmark og i det nasjonale ordskiftet.
To fasar
Den samepolitiske mobiliseringa i første
halvdelen av 1900-talet gjekk føre seg
i særleg to fasar; frå 1904–1912 og frå
1917–1924. I første perioden er det
stortingsmann Isak Saba frå Nesseby og
redaktør Anders Larsen frå Kvænangen
som frontar kampsaker – stortings-
plass, samisk som undervisningsspråk i
skulen og eiga samiskspråkleg avis;
Sagai
­Muitalægje.
– Dei vinn fram av di dei greidde skapa
ein allianse med eit anna mothege­
monisk prosjekt: fiskarbondesosialismen
i arbeidarrørsla.
Det første samiske landsmøtet i
­Trondheim 1917 markerer starten på
den andre fasen. Med sørsamiske Elsa
Laula Renberg i spissen veks det då fram
ei meir samla nasjonal samerørsle – med
samar både frå nord og sør – og ein
nasjonal samisk interesseorganisasjon,
Sámi Sentralsearvi (Samisk sentralfor-
bund). Denne organisatoriske mobili-
seringa bryt likevel saman i 1921.
– Deretter blir ideologiske og kulturelle
spørsmål sett på dagsordenen, først og
fremst av lærar, og seinare rektor og
ordførar Per Fokstad frå Tana, som dreiv
vidare den samiske opposisjonen meir
eller mindre på eiga hand.
Per Fokstad
– Per Fokstad var føre si tid. Han publi-
serte på byrjinga av 1920-talet ei rekkje
artiklar om grunnlaget for samisk språk,
kultur og samfunnsliv og utarbeidde
også skoleplanar som tok utgangspunkt
i ein samfunnsskipnad tufta på språkleg
og kulturell pluralisme. Han meinte at
samane også kunne bli eit
kulturfolk
– og ikkje «berre» eit naturfolk – og at
samane kunne vera norske utan å miste
det samiske.
Fokstad meinte at samar sjølvsagt måtte
lære norsk, seier Zachariassen, men han
var oppteken av at dei også skulle ha rett
til morsmålsopp-
læring – ikkje berre
fordi det var eit nyt-
tig hjelpespråk, men
òg fordi det var ein
rett og ein verdi i seg
sjølv. Eit eige folk
måtte ha sitt eige
språk.
– Dette var ein
moderne tankegang,
som Fokstad hadde
utvikla mellom anna
gjennom fire år på
studieopphald utan-
lands – mellom 1917
og 1921 var han til
Danmark, England
og Paris. Det hadde
mykje til felles med
korleis førande
pedagogar i Noreg, som Erling Kristvik, i
samtida tenkte.
Mange motargument
Kravet om morsmålopplæring vart
møtt med fleire motargument; politiske,
språk­lege og pedagogiske, og ikkje minst
har forskarane brukt den tryggings-
politiske dimensjonen som ei forklaring
på motstanden: Assimilering og for­
norsking vart sett på som viktig for å
sikre den nasjonale lojaliteten.
– Men sjølv om Fokstad sin argumenta-
sjon kring morsmålsopplæring ikkje
fekk gjennomslag på 1920-talet, la han
det ideologiske grunnlaget som seinare
vart plukka opp av samerørsla etter kri-
gen, og Fokstad vart verande ein leiande
samepolitisk aktør heilt fram til 1970,
fortel Zachariassen.
Aktuelt: Ny doktorgrad
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg
Anders Larsen og kona. Foto: G. Gustafson