Prosjektleder: GURI SKEIE
Høgt inntak av ultraprosessert mat (UPF) har vore sett i samanheng med auka risiko for kreft i tjukk- og endetarm. Den globale veksten i inntaket av UPF har ikkje berre negative helse effektar, men også negativ påverknad på biologisk mangfald. Auka etterspurnad etter ingrediensar til UPF (olje, sukker, stive, mekanisk utbeina kjøt mm) er ein av drivarane for tap av biologisk mangfald (via meir monokultur, avskoging, øydelegging av økosystem, intensivt husdyrhald). Ein studie har nyleg vist lågare dødelegheit av kreft blant personar som hadde eit meir mangfaldig kosthald, men generelt veit ein lite om korleis biologisk mangfald i kosthaldet påverkar helsa hos menneske.
Tre studiar tyder på at tilsetjingsstoff i mat og andre komponentar som har direkte med bearbeidinga av mat å gjera kan ha ei viktig rolle i samanheng mellom UPF og risiko for kreft i tjukk- og endetarm heller enn dårleg kvalitet av UPF, men det er enno lite evidens for samanhengar mellom UPF og biodiversitet med kreft i tjukk- og endetarm. Samanhengen kan vera kausal, gjennom endringar i tarmflora og stoffsamansetjinga i blodet (metabolomet), og difor vil vi studera dette, for å forstå potensielle mekanismar, og korleis desse prosessane/potensielle mekanismane påverkar kvarandre, og kreftutviklinga.
Formålet med prosjektet er å utforska om det er ein samanheng mellom matmangfald, grad av ultraprosessering i kosten og risiko for kreft i tjukk- og endetarm. Kva slags potensielle mekanismar er det for denne samanhengen (ernæringskvalitet, tilsetjingsstoff/ureining eller endring i mikrobiomet)? Dette er del av ein større internasjonal studie, der ein del av deltakarane i Kvinner og kreft-studien blir inkludert. Fleire ulike studiedesign vil bli brukt ut frå dei ulike forskingsspørsmåla. Hovuddelen av analysane vil bli gjort i eit prospektivt kohortdesign, der alle dei norske deltakarane i European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition (EPIC) vil bli inkludert. For å svara på spørsmåla om metabolomet vil berre dei som har avgitt blodprøver som alt er analysert for metabolittar bli inkludert. Norske deltakarar vil ikkje inngå i analyser av mikrobiomdata og mutasjonsspektrum. Vi vil bruka vanlege statistiske og bioinformatiske metodar. Det er få studiar på dette feltet, og mange meiningar, til dømes om tilsetjingsstoff og ultraprosessering av mat. Kreft i tjukktarm og endetarm er blant dei vanlegaste kreftformene. Data frå store studiar med god variasjon i kosthaldet vil kunna vera ei motvekt mot synsing, og bidra til evidensbaserte kosthaldsråd.
ID: 8030.00536