Rávdnjevággi (Finnheia) og Romssavággi (Tromsdalen) er ettertrakta beiteområde for reindrift. Dei frodige dalområda har i fleire hundre år vore dei største buplassane i den samiske tamreindrifta i nord. Dei mange spora i landskapa, munnlege og skriftlege kjelder og eit rikt fotomateriale er ein viktig del av Tromsø si historie som vert synleggjort gjennom utstillinga Rávdnji.
Frå 1600- og 1700 talet finst eit rikt kjeldemateriale som viser at den samiske nomadismen var etablert med faste flyttevegar, beiteområde og buplassar mellom innlandet og kysten.
Kring midten av 1700-talet flytta mellom 350 og 400 samar med 4–6000 rein frå svensk side til kysten i Romsa/Troms. I tillegg viser kjelder at det i fjordane og på øyane fans ei mindre stasjonær sjøsamisk reindrift som kan dokumenterast attende til byrjinga av 1700-talet.

Dette er en artikkel fra siste utgave av Ottar: Vol 71 Nr 1
Ottar er populær- vitenskapelig tidsskrift fra UiT Norges arktiske universitetsmuseum
Ottar handler om nordlig og arktisk natur og kultur, ofte organisert som temanummer
Utgis 3–4 ganger i året, både digitalt og på papir
Tidsskriftet er oppkalt etter den nordnorske høvdingen Ottar som levde på 800-tallet
Ottar ble utgitt for første gang i 1954
Rávdnjevággi, som på norsk ber namnet Finnheia, var fram til 1920-talet den største samiske busetnaden på Sállir/Kvaløya og rekna som den største reindriftssamiske busetnaden i heile Troms fylke.
Rávdnjevággi vart stengt som sommarbeiteland i 1923, då den svensk-norske reinbeitekonvensjonen frå 1919 skulle tre i kraft. Den gav samar med vinterbeite på svensk side forbod mot å flytte med rein over grensa og å bruke Sállir som reinbeiteland og opphaldsstad.
Romssavággi/Tromsdalen, ein del av Stuoranjárga – halvøya mellom Báhccavuotna/Balsfjorden og Olggosvuotna-Moskavuotna/Ullsfjorden-Sørfjorden, var eit svært ettertrakta beiteområde med grøne lier langt til fjells.
I joiken om Stuoranjárga høyrer me korleis reinen trekkast mot det frodige sommarlandet.
Flyttinga med rein til sommarbeitet i Romssavággi/Tromsdalen føregjekk fram til krigsutbrotet i 1940. Sametinget har registrert synlege busettingsspor i heile dalen og desse har i dag status som freda kulturminne. I tillegg fins også eit rikt kjeldemateriale i form av munnlege og skriftlege kjelder og fotomateriale etter alle familiane som har budd her.
Rávdnjevággi og Romssavággi var høgt verdsette sommarheimar både for menneske og dyr. Johan Turi fortel at reindriftssamane gjerne helste sommarbeitet med orda; Bures, bures, dál eatnehat ja duovdagat – God dag mødre og enger».

Sjølv om samane som flytta til Rávdnjevággi og Romssavággi formelt sett vart rekna som svenske statsborgarar, fortel mange at dei kjende seg meir heime på norskekysten av di sommarbuplassen var meir permanent enn vinterbeiteområda.
Den danske antropologen Emilie Demant Hatt som flytta med ein familie frå Gárasvvon/Karesuando til Romssavággi våren 1908 skriv,
Havriget! Var vi først naaet derind blev tilværelsen atter lys og festlig. Baade for Lapper og rener er Havriget vidunderlandet, og de smaa reenkalve, som kommer til verden inde I de grønne græsdale ved ikke hvad ondt vil sige. Ikke underligt, at Lapperne elsker sommerlandet – ja ikke kan leve uden det; derinde har de fra arilds tid hentet kræfter og mod til at udholde den iskolde vinter, mørket og alle strabadser, hvorpaa deres liv er saa rift” - Det er ingen frase, at Lapperne ikke kan leve uden Norge.
Frå 1840-talet og framover opplevde ein i Tromsøområdet at stadig meir av reindriftssamane sine områder vart tatt i bruk av ei ekspanderande, norsk jordbruksbefolking.
Dei nye, faste busetnadene førte i mange tilfelle til konfrontasjon og konflikt på grunn av motstridande interesser. Fastbuande klaga over at reinen gjorde skade på åker og eng.
Reineigarane på si side klaga over at rein vart tjuvslakta, når dei kom inn på markene.
Demant Hatt referer til korleis samane i Romssavággi opplevde situasjonen, “Vi er som en fremmed hund man sparker bort” (1913:159).
I boka: En sommar i Norge: Fra Christiania til Finmarken (1867) presenterer teologen Henrik Scharling ei reiseskildring i Noreg. Til Tromsø kjem Scharling 7. juli 1867 og får logi hjå stiftsprost Hvoslef. Eit av høgdepunkta med opphaldet skriv Scharling, er turen til sameleiren i Romssavággi. I Tromsø lærte han også om dei utfordrande forholda mellom norske bønder og samar som har sommarbeiteland langs kysten;
Netop her på Tromsø har denne kamp været gjenstand for megen omtale, dels fordi det kommer talrike finnefamilier ned i disse egner hver sommer, dels fordi Tromsø er Stiftsøvrighetens sæte og klagene bringes da herhit fra begge parter. Sagen er meget vanskelig at afgjøre: paa den end side kan man ikke godt forbyde nordmændene at nedsætte seg i landet og opdyrke det. Paa den anden side kan man heller ikke afskære finnerne fra kysterne og havet, thi det vilde være at tilintetgjøre deres existents (1867:121).

Frå 1867 måtte svenske styresmakter laga ei årleg oversikt over alle som flytta med rein på sommarbeite til norsk side. Slik ynskte ein frå norsk hald å halda styring med kven som kom og kvar dei oppheldt seg.
Det auka konfliktnivået førte til strenge reguleringar av reindrifta.
I 1883 kom Felleslappelova (Lov angaaende Lapperne i de forenede Kongeriger Norge og Sverige). Denne lova markerte starten på statlege reguleringar som fekk store konsekvensar for reindrifta i området.
Bakgrunnen for utforminga av lova ifylgje konstitusjonskomiteen si innstilling til Stortinget i 1882 var å; «Tilveiebringe større beskyttelse for de Fastboendes Eiendom i de af Lapperne mest besøkte Distrikter» og å «paalegge Lapperne Fælles-ansvarlighed for den Skade deres Ren foraarsage» (Fælleslappeloven av 2. juni 1883).
Ei av fylgjene av Felleslappelova var at Tromsø Amt i 1884 vart inndelt i nummererte reinbeitedistrikt, og det var styresmaktene som fastsette kva for område som skulle inngå i dei ulike distrikta.
Sállir/Kvaløya vart registrert som reinbeitedistrikt 23 og Stuoranjárga som reinbeitedistrikt nummer 9.
Lova innebar også at reineigarar i dei ulike distrikta hadde eit felles ansvar for skade fastbuande meinte var påført av rein i deira område. Å betale avgift for rein som beita på fastbuande sin grunn vart no ein realitet for alle reindriftssamar som flytta til øyane og halvøyane på norsk side.
Den stadig sterkare, statlege inngripen i den grenseoverskridande reindrifta var ein del av den statlege fornorskingspolitikken som litt etter litt bidrog til å viske ut den samiske historia i Tromsøområdet.
I laupet av dei siste åra Rávdnjevággi/Finnheia vart nytta som sommarbustad og reinbeite budde det nærare 70 menneske her. Det var fordi familiar frå Ráneš/Ringvassøy også flytta hit, då reindriftsdistriktet deira allereie hadde vorte stengd. Den svenske etnografen Ossian Elgström som vitja sommarheimen i Rávdnjevággi i 1918 skriv,
Från Haugebotn bar stigen, en smal kreatursstig, hela tiden uppåt, ungefär vad jag kunde tycka 4 km. (…). Nu vidtog en platå, som sluttade långsamt ned mot Strömsdalen. Häruppe på slätten, mitt i blåsten, låg lägret, sju små jordgammar. (…) och beboddes av familjerna Nutti, Walkeapää, Guttorm, Hurri, två bröer Olsson, Blind, ännu en Nutti, Heika, Pilto och Labba (1919: 348-351).
I tilknyting til rapporten om kulturminneundersøkingar i Rávdnjevággi, har forfattar Elin Anna Labba gjennomført fleire intervju med etterkomarane etter dei som flytta med rein til Sállir/Kvaløya. Her vert me kjend med samiske perspektiv på livet i Rávdnjevággi og dei omfattande konsekvensane av stenginga av grensene.

Det var som regel dei med lengst flytteveg som reiste fyrst, påpeikar Labba. Det innebar at samane som skulle til Ráneš/Ringvassøy og Sállir/Kvaløya flytta før mange av dei andre distrikta.
Samane som flytta til Sállir kom i tre puljar fordelt utover våren og vårsommaren.
Fyrst flytta ein med dei drektige simlene for å la reinen kalve på øya. Småkalvane ville vera for svake til å symje over Rávdnji/Rystraumen, og på Sállir var det fine kalvingsplassar med barmark tidleg på våren. Dei flytta frå den svensk-norske grensa over til Jáhkotnjárga/Malangshalvøya. Derifrå symde reinen over til Sállir der sundet er på det smalaste.
Ifylgje intervjumaterialet i Reinbeitekommisjonen kom dei fyrste reinflokkane i byrjinga av mai. Fleire av dei Labba intervjua påpeikar at reinen tok seg over sundet ved straumstilla og at ein gjerne rodde ut med ein láidestanheargi (leiarrein), som resten av reinflokken fylgde.
På andre siden av sundet var det folk som tok imot reinflokken og styrte han i rett retning. Straumen var alltid sterkare når ein nærma seg Sállir/Kvaløya. Det vert fortalt at båtar, som ikkje hadde høg nok fart, nokre gonger gjekk på grunn her. Det hendte også at rein vart tekne av straumen og kom på land lenger unna.
I Labba sine intervju med etterkomarane frå Rávdnjevággi vert dei mange arbeidsoppgåvene som folket her tok del i vektlagt.
På forsommaren plukka ein fjellengsyre og kvann. Alle gammane sitt inngangsparti vendte mot aust. Utanfor gammane var det gjerne eit árran for matlaging, og gjerne ein større stein med skugge og eit oppkome for vatn.
Ved kvar gamme var det også vanlegvis ein luovvi, eit oppbevaringsstativ med fire bein. Gammane hadde som regel også ein eller fleire holga, eit enkelt stativ som ein nytta til lufting av sengeklede og som ein brukte for å tørke kjøt.
Kvinnene kjøpte kuskinn som dei bearbeida og brukte for å sy sko og seletøy.
I kvar gamme budde det i snitt sju personar. I tillegg til bustadgammar var det i Rávdjnevággi også ei skulegamme eller eit skuletelt. Undervising for born i skulealder føregjekk gjennom heile sommaren.
I Labba sitt intervju med Riá Niillas (Nils Blind) er forteljinga om skulegang sentral. Det var far hans som hadde ansvar for skulesakene som dei frakta med seg på flyttinga opp i Rávdnjevággi.
Han minnast at dei siste somrane var det fire, fem born i skulen som fekk undervising av Ingerta Blind, som budde saman med ein av familiane i Rávdnjevággi under heile sommaropphaldet.

Samane i Rávdnjevággi kjøpte og bytta varer i Romsa.
Ulike duodjiprodukt og reinkjøt var bytta mot mjøl, tøyvarer, fisk og tran. Mennene laga knivar, vogger og korger, medan kvinnene sydde sko og klede.
I august var det tid for slakting. Dette arbeidet føregjekk som regel i Hoggebohtu/Håkøybotn. Noko av kjøtet vart seld til fastbuande eller frakta inn til byen for sal.
Dei samiske familiane som kom til Tromsøområdet hadde verddet (venefamilar) blant dei fastbuande på Sállir og i Romssavággi. Desse sterke relasjonane innebar gjensidig hjelp og utveksling av varer og tenester.
I andre halvdel av 1800-talet auka straumen av turistar som kom nordover til Tromsø. Det fyrste offisielle turistskipet var det engelske skipet Ceylon som ankra opp i byen ein sommardag i 1884.
Da hurtigrutefarten starta i 1893 var den viktigaste turistattraksjonen i Romsa/Tromsø sameleiren i Romssavággi/Tromsdalen.
I sameleiren i Romssavággi fekk turistar oppleve samar i deira eige miljø og for mange var dette særs eksotisk. Her kunne ein med alle sansar ta inn eit samisk miljø; stikke hovudet inn i gammane, kjenne på lukta, smake på kjøtt og reinmjølk og sjå reinsdyr i gjerdet.
For samane i dalen var dei stadige turistbesøka både ein ressurs og ei utfordring.
Emilie Demant Hatt fortel ut frå eigne erfaringar i 1908 korleis turistane tok seg til rette og trengte inn i samane sine heimar. Ho skriv, «Det er merkeligt, at saakaldte kultiverede mennesker ikke kan opføre sig med lidt mere værdighed».
Turistane si interesse skapte likevel eit høve for ei lita ekstrainntekt. Dei samiske familiane tente nokre kroner på sal av dokker, små skinnsko, vevde band, hornknivar, kaffiposar og liknande produkt.

Etnografen Ossian Elgström, som besøkte Tromsø i 1918 for å dokumenterte samisk kvardagsliv i området, fortel om alle salsbodane nede ved stranda der ferja som gjekk over Tromsøsundet ankra opp,
Det tycktes som lapplägret ansågs tillhöra någon slags förlustelse, ty överallt på stranden syntes «amerikanska gyngor», skjutbanor och flera serveringar. Overallt funnos små stånd, vari man försålde «etnografika». På engelska, tyska och franska uppmanades allmänheten = turisterna att begagna sig av detta enaståande tillfälle till att komplettera sine samlingar med tofflor, pappersknivar och anda kuriosa som voro det «utdöande stenåldersfolkets offer til kulturen (1922:340-341).
Fleire fotografar laga seriar med postkort med bilete av samar. Postkorta er ein sjanger som legg vekt på det eksotifiserande.
Sommarbustadane i Romssavággi/Tromsdalen var eit populært motiv der samane med sine kofter, gammar og reinsdyr stod fram som framandarta og eksotiske.
Etterkvart krov samane betaling for å stille opp til fotografering. Også ungane kunne tene ein slant på å stille opp som fotoobjekt.
Fleire forretningar i Tromsø spesialiserte seg etterkvart på sal av samisk duodji (handverk) til turistar. Desse varene vart mellom anna omsett i butikken til Cedorph Ebeltoft på Richard Withs plass der me i dag finn Quality Hotel Saga.
Ebeltoft arrangerte i 1880 åra ein sameleir på Prostneset slik at turistane skulle ha enkel tilgang til samane og deira turistprodukt. Ebeltoft la også til rette for gratis losji for samar i ei enkel bårstue kalla «Lappehotellet» på Ebeltoftbrygga i sentrum av byen.
Reindriftsfamiliane som budde på Sállir/Kvaløya blei utestengd frå sine beiteområde frå 1923. Reindriftsfamiliane som budde i Romssavággi/Tromsdalen fekk opphalda seg i dette området fram til krigsutbrotet i 1940.
Buplassane i Romssavággi utgjorde ein viktig ressurs for handelsstanden og den blomstrande turistnæringa.
Reindriftsutøvarar og deira familiar som budde i Norge i sommarhalvåret vart, som ein konsekvens av reinbeitekonvensjonen, tvangsflytta til sørlegare deler av Sverige av svenske styresmakter. Dei fleste hamna i Jåhkåmåhkke/Jokkmokk-området.
Nokre familiar vart tvungne til å flytte til Árjepluovve-/ Arjeplogstraktene og hamna seinare i Svaipa sameby i sørlege delar av Norrbotten.
I boka Herrene sendte oss hit (2021) fortel Elin Anna Labba om El Susa Nordqvist (Susanna Nordqvist) sine foreldre som budde i Rávdnjevággi og vart tvangsflytta, «De måtte flytte derfra. Si farvel til alle de bostedene, gammene og båtene. De gråt og dro».
I samtalen med etterkomarar trekker Labba også fram minner frå Sara Harnesk. Ho var ti år gamal og minnast det siste året familien kom til Rávdnjevággi i 1922.
«Vi kom først til havna der i Hoggebohtu. På fjellet hadde vi gamme. Man kunne se havet her og der, det var veldig fint” (2021:46).
Om tvangsflyttinga minnast Sara at mange gret og ba kvarandre om tilgjeving avdi dei tenkte at dette måtte være ei straff frå Gud som ramma dei. Som barn skjønte ho ikkje kor definitiv tvangsflyttinga sørover ville vere, men ut frå dei vaksne sin reaksjon forstod ho at noko forferdeleg hadde ramma dei.
«Det var gråt og jamring. (…) Hele veien da de flyttet hit, gråt de bare og sa farvel til busker og trær og steiner, og den stien de har gått» (2021:55).

Konsekvensane av at grensene vart stengte og at menneske vart tvangsflytta til nye område, var enorme. Saman med fornorskingspolitikken bidrog tvangsflyttinga til ei nærast utvisking av den samiske historia i Tromsøområdet.
Tvangsflyttinga førte til store utfordringar for reindrifta, førte til tap av språk tap av kulturutveksling, handel og brotne relasjonar.
Også sentrale kulturelement som luođit (joik) gjekk tapt. Luođit (joik) spela ei sentral rolle både langs flyttevegane og i sommarheimane i Tromsøområdet. Joik tilhøyrer stadar og menneske, og etter tvangsforflyttingane mista mange menneske forholdet både til landskapet og dei menneska dei kjente og joika.
Då tilgangen til sommarheimane gjekk tapt oppstod eit brot som også fekk konsekvensar for joiken. I dag kjenner me kun til nokre få, blant anna den allereie nemnde joiken om det frodige beitelandet, Stuoranjárga.
Elin Anna Labba skildrar det som skjedde som eit komagband som vert kutta over og der trådane splittar seg opp og er nærast uråd å samla.
Trass i det brutale forsøket på å utsletta Romsa/Tromsø si samiske fortid, ser me i dag at nokre av trådane i komagbandet har vist seg å vera slitesterke, og at nye trådar får feste.
Tittelen på utstillinga ved museet, Rávdnji, speglar akkurat desse prosessane. Samisk kultur er ein stri og sterk straum som ikkje så lett let seg temma og som i dag kjem til uttrykk i Romsa/Tromsø gjennom auka fokus på registrering av kulturminne i områda kring Rávdnjevággi og Romssavággi, auka satsing på samisk språk, og stadig fleire tromsøværingar som vel å løfte fram sin samiske identitet.