Historikk
August 2002: Den 7.
Nordiske dialektologikonferansen vert halden på Voss. I den 575 sider
tjukke konferanserapporten handlar eitt av dei i alt 32 bidraga om
syntaks (Gerd Eklund: "De svenska dialekternas formlära och syntax: Om
sammanställning av en deskriptiv grammatik"). Artikkelen påpeiker
behovet for syntaktiske dialektstudiar og diskuterer i grunnen ikkje
spesifikke grammatiske fenomen.
Oktober 2002: Øystein Vangsnes vitjar Meertens Instituut i
Amsterdam og får ei innføring i det nederlandske
dialektsyntaksprosjektet SAND.
November 2002: Eit uformelt møte finn stad i Tromsø mellom Christer
Platzack,
Lars-Olof Delsing og Øystein Vangsnes der tanken om å setja i gang eit
nordisk
dialektsyntaksprosjekt vert lufta. Det blir beslutta å søkja NorFA om
pengar til
eit planleggjingsmøte. Ni nordiske forskargrupper vert inviterte til
å deltaka i samarbeidet, og alle takkar ja. Søknad om midlar til
planleggjing blir sendt NorFA i desember og NOS-H i januar.
April 2003: Det første planleggjingsmøtet for "Nordisk dialektsyntaks"
vert halde i Lund med representantar for alle dei ni forskargruppene
til stades (den færøyske og den islandske gruppa begge representert ved
Höskuldur Thráinsson).
September 2003: Vangsnes og Platzack deltek på ein ESF-støtta "exploratory workshop" om europeisk dialektsyntaks i Padova.
Oktober 2003: Det andre planleggjingsmøtet for "Nordisk dialektsyntaks" blir halde i København med støtte frå NOS-H.
Januar 2004: Workshop on Syntactic Microvariation blir
organisert av Øystein Vangsnes og Jan-Ola Östman under SCL i
Helsingfors. Yttarlegare planleggjingsmøter med deltakarar frå nokre av
gruppene blir haldne.
Februar 2004: Höskuldur Thráinsson får midlar fra RANNÍS til å
utføra eit pilotprosjekt på Island der ulike innsamlingsmetodar for
syntaktisk variasjon blir testa ut.
Mai 2004: Prosjektet blir tildelt midlar frå Nordplus Språk (ca. 270.000 DKK).
Juni 2004: Midlar frå NOS-HS til prosjektleiing blir tildelt for perioden 2005-2007.
Oktober 2004: Prosjektet blir tildelt nettverksmidlar frå NorFA/NordForsk for perioden 2005-2007.
November 2004: Den svenske delen av prosjektet blir tildelt midlar for perioden 2005-2007 frå Vetenskapsrådet.
November/desember 2004: Janne B. Johannessen og Øystein Vangsnes
arrangerer forskarkurset "Methods and tools for the study of
grammatical variation" i Oslo.
Desember 2004: Søknaden om "Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax" går vidare til andre og avgjerande runde.
Januar 2005: Den islandske
forskargruppa får midlar frå RANNIS i perioden 2005-2007 til å utføra
den islandske og til dels færøyske delen av ScanDiaSyn.
Januar 2005: Prosjektet får
midlar (400.000 DKK) frå Nordens Språkråd til delprosjektet ScanLex for
å utvikla eit inter-nordisk leksikon til bruk i den fellesnordiske
dialektdatabasen i prosjektet.
Februar 2005: Det første ordinære prosjektmøtet for ScanDiaSyn blir halde i Lund.
Mai 2005: Søknaden om Nordic
Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS) blir innvilga
med ca. 465.000 EUR årleg i perioden september 2005 t.o.m. august 2010.
August 2005: Det første stormøtet for ScanDiaSyn blir halde på
Leikanger med 50 deltakarar frå dei tolv gruppene i
NordForsk-nettverket.
Januar 2006: Den første tematiske workshopen innanfor
NORMS-prosjektet blir halden i Tromsø ("Workshop on Inversion and Verb
Movement").
Mars 2006: Workshopen "Syntactic doubling in European dialects"
blir halden ved Meertens Instituut i Amsterdam. Fem av bidraga er om
nordisk og blir haldne av deltakarar i ScanDiaSyn/NORMS.
Juni 2006: Den første dialektdugnaden innanfor NORMS-prosjektet blir halden i Norra Österbotten.
Juni 2006: Det andre
stormøtet for ScanDiaSyn blir halde i Solf, Österbotten, med 37
deltakarar frå heile NordForsk-nettverket.
August 2006: Workshopen "Syntaktisk variasjon i nordiske målføre"
blir organisert av Henrik Jørgensen og Øystein Vangsnes under den 8.
nordiske dialektologkonference i Århus.
Status for prosjektet?
|