Bibliografi over nordisk dialektsyntaks
På desse sidene fører vi ein oversikt over arbeid om dialektal syntaktisk variasjon i nordiske språk skrivne av forskarar tilknytta ScanDiaSyn-nettverket. Klikk på årstal i venstremenyen eller nedanfor!
2002 – 2003 – 2004 – 2005 – 2006 – 2007 – 2008
Vi har dessutan sett opp ein bibliografidatabase med arbeid som heilt eller delvis handlar om syntaktisk variasjon i det skandinaviske språkområdet. Kven som helst kan leggja inn nye titlar i databasen, og vi er spesielt glade for kommentarar og/eller samandrag av arbeida som allereie ligg i databasen. Adressa til databasen er http://omilia.uio.no/scandiasyn/biblio/. Den ansvarlege for databasen er Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson.
Utgangspunktet for databasen har vore bibliografien i Nordica Bergensia 9 (1996) som i sin tur byggjer på Oddvar Nes: Norsk dialektbibliografi (Oslo: Novus Forlag, 1986). Databasen inneheld også ein annotert bibliografi for dansk dialektsyntaks, samanstilt av Karen Margrethe Pedersen. Sidan mars 2006 inneheld bibliografidatabasen òg dialektsyntaktiske referansar frå den finlandssvenske bibliografidatabasen Finna (med løyve frå Svenska litteratursällskapet i Finland).
Vidare har vi sett opp ein database for ein bibliografi over nordisk syntaks meir allment, opprinneleg kompilert av Höskuldur Thráinsson. Sjå her.
Andre relaterte bibliografiske ressursar:
-Bibliografi over nederlandsk dialektsyntaks
-Bibsys: søkemotor for norske fagbibliotek
-Finna: bibliografi over forsking på finlandssvensk
-Gegnir: søkemotor for islandske bibliotek
-Germanic blog: vevlogg (v/Susi Wurmbrand) med m.a. informasjon om og peikarar til nye arbeid innanfor germansk syntaks
-Libris: søkemotor for svenske bibliotek
-LingBuzz: database med fritt nedlastbare publiserte og upubliserte arbeid innanfor generativ lingvistikk (samkøyrt med Rutgers Optimality Archive og Semantics Archive)
-Statsbiblioteket: søkemotor for danske fagbibliotek
|