| Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2026
NOR-6004 Norsk som andrespråk - 15 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet er en del av vidareutdanninga Norsk 2 for 8.-13. trinn. Sjå her for meir informasjon.
Kan ikkje takast som enkeltemne.
Studiepoengreduksjon
Innhold
Opptakskrav
Søknad må registrerast på EVU-web ved UiT innan 15. april.
Emnet blir tilbydd med atterhald om tilstrekkeleg antal kvalifiserte søkjarar.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om:
• andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit
• ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning
• kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar
• sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking
• sentrale prinsipp for undervisning for elevar med norsk som andrespråk, inkludert undervisning basert på digitale løysingar
• språklege rettar for elevar som lærer norsk som andrespråk slik det går fram av opplæringslova og Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020
Ferdigheiter
Studenten kan:
• bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte
• grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk
• diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk
• presentere fagstoffet munnleg og skriftleg
• gjennomføre ei empirisk undersøking rundt undervisning for elevar med norsk som andrespråk
Generell kompetanse
Studentane kan:
• bruke kunnskap om andrespråkstileigning til å planlegge og reflektere over undervisning i ei elevgruppe som har ein eller fleire elevar som lærer seg norsk som andrespråk
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråk: norsk
Språk på arbeidskrav: nynorsk
Språk på eksamen: bokmål
Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk.
Sjølvvalt pensum kan vere på andre språk etter avtale med emneansvarleg.