| Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2026
HIS-3032 Drivkrefter og motkrefter i historia - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet inngår i master i historie og lektor 8-13 studieretning historie.
Emnet kan tas som enkeltemne.
Innhold
Opptakskrav
Søknadskode 9371 - enkeltemne på masternivå.
Fullført bachelorgrad eller tilsvarande. Bachelorgraden må ha ei faglig fordjupning på minimum 80 studiepoeng i historie. Det blir kravd at minimum 30 studiepoeng av fordjupninga er på 2000-nivå (påbyggingsnivå). (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.).
Det blir stilt eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C (2,5). Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Emne med vurderingsuttrykk "bestått" blir ikkje inkludert i utrekninga.
Hva lærer du
Etter bestått emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- har ei avansert forståing av kva som skaper samfunnsendring over tid
- har avansert kunnskap om omgrepspar som analytiske verktøy for historisk forklaring
- har ei kritisk og sjølvstendig haldning til kjeldemateriale og faglege framstillingar
- har inngåande kunnskap til korleis historikarar forklarer samfunnsendringar og om historiefagets metode, tradisjonar og samfunnsmessige eigenart
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke relevante omgrepspar til å forklare historiske endringsprosessar
- kan bruk eksisterande teoriar til å analysere samspel mellom historiske aktørar, strukturar og idear
- kan gjennomføre ei sjølvstendig, avgrensa framstilling av historiske fenomen eller problemområde ved hjelp av historiefaglege teoriar og i tråd med fagets eigenart
- drøfte korleis historiske forklaringar blir bygde opp og avgrensa