Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2026

HIS-3031 Komparativ historie – samfunnsendring på tvers av tid og rom - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for arkeologi, historie og religionsvitenskap

Emnetype

Emnet inngår i master i historie og lektor 8-13 studieretning historie.

Emnet kan tas som enkeltemne.


Innhold

Emnet gir ei innføring i komparasjon som historisk analyseform. Gjennom å samanlikne ulike historiske case kan ein identifisere både strukturelle mønster, lokale særtrekk og variasjon i utfall. Tema og periode kan variere frå semester til semester. Casa kan vere politiske, sosiale, økonomiske, kulturelle eller territorielle, og skal opne for variasjon i utfall, utviklingsbanar eller strukturelle mønster. Emnet er realhistorisk forankra og gjev studentane trening i å bruke komparasjon som verktøy for historisk forklaring og forståing. Emnet gir kompetanse som er relevant for vidare studium og analytisk arbeid på mastergradsnivå, og for historiefagleg formidling og undervisning.

Opptakskrav

Fullført bachelorgrad eller tilsvarande. Bachelorgraden må ha ei faglig fordjupning på minimum 80 studiepoeng i historie. Det blir kravd at minimum 30 studiepoeng av fordjupninga er på 2000-nivå (påbyggingsnivå). (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.).

Det blir stilt eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C (2,5). Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Emne med vurderingsuttrykk "bestått" blir ikkje inkludert i utrekninga.

Søknadskode 9371 - enkeltemne på masternivå.


Hva lærer du

Etter bestått emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

Ferdigheiter

Studenten:


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Førelesingar, seminar og sjølvstudium