| Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2026
SAM-1300 Nordkurs: Innføring i skoltesamisk språk og kultur - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Emnet er reservert studentar frå Norden som deltek på NORDKURS -sommarkurs og som har søkt opptak via NORDKURS. Andre studentar blir ikkje tekne opp. Emnet har 12 plassar.
Det er ein fordel å ha studert språk eller lingvistikk eller å ha lært seg eit framandspråk tidlegare, då progresjonen er nokså intensiv.
Innhold
Kurset gjev ei grunnleggjande, men grundig innføring i skoltesamisk språk, og ei innføring i skoltesamisk kultur og historie. Det krevst ingen forkunnskapar i skoltesamisk, men tidlegare erfaring med framandspråkslæring og/eller lingvistikk er ein fordel sidan progresjonen er rask.
Emnet legg vekt på munnleg og skriftleg kommunikasjon og gjev ei innføring i dei viktigaste sidene ved bøyingsverket (morfologien) og setningslæra (syntaksen).
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:
Skoltesamisk språk:
Kunnskapar:
Studenten:
- kan sentralt ordforråd knytt til temaa som blir gjennomgått
- kjenner skoltesamisk rettskriving og uttale
- kjenner til stadieveksling og vokalveksling og dei viktigaste reglane for desse
- kjenner dei skoltesamiske kasusa og kan bøye substantiv og pronomen i kasus og tal
- kan bøye verb i presens, inkludert nektingsform
- kjenner enkel setningsbygging, kongruens mellom subjekt og verbal, habitivskonstruksjonen og bruken av nominativ og akkusativ
- kjenner ulike måtar å laga spørsmål og svara på
- forstår bruken av ulike kasus
- kan bruke adjektiv i skildringar
- kjenner til samisk tastatur, ordbøker og grammatikkar
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- uttala skoltesamiske bokstavar og ord
- laga enkle skoltesamiske setningar med eit daglegdags ordforråd
- helse, fortelja om seg sjølv, livet sitt og interessene sine
- forstå enkel munnleg tale og tekstar om daglegdagse tema
- delta i samtale på skoltesamisk, med vekt på uttale og forståing
- svara på spørsmål og vita forskjellen på spørsmål med spørjepartikkel og spørjeord
- skrive enkle setningar på skoltesamisk
- bruke skoltesamisk tastatur og ordbøker
Skoltesamisk kultur og historie:
Kunnskapar:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskapar om skoltesamisk historie
- kjenner til skoltesamiske levevis, kulturuttrykk og tradisjonar
- kjenner til skoltesamane si tru og religion
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- presentere det hen har lært om skoltesamisk kultur og historie for andre studentar
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisingsspråk er norsk, svensk, finsk (ved behov) og skoltesamisk.
Eksamensspråk er norsk, svensk, dansk, finsk og skoltesamisk.
Undervisning
Undervising blir gjeve som førelesingar, klasseromsundervising, øvingar, tekstlesing og gruppearbeid. Visse førelesingar kan bli gjevne av inviterte gjesteførelesarar. Det blir også gjennomført ekskursjonar, museumsbesøk og andre aktivitetar.
Emnet er intensivt og har rask progresjon. Det vert forventa at studentane deltek aktivt i undervisinga og på dei ulike aktivitetane. Det er obligatorisk oppmøte på undervising og andre planlagde aktivitetar.
Undervisninga går før seg i Neiden.