Skriv ut Lukk vindu


 

Vår 2026

NOR-3113 Jon Fosses forfatterskap - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet kan takast som eit enkeltemne og er eit valemne i master i litteratur/språk, studieretning nordisk og lektorutdanninga trinn 8 - 13, studieretning nordisk.

Studiepoengreduksjon

NOR-2313 Jon Fosses forfatterskap. Spesialemne for utenlandske studenter. 10 stp

Innhold

Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023 og har ein særstatus i norsk og internasjonal samtidslitteratur. I tillegg blir Fosses dramatikk sett opp på teater verda rundt. Kva er det som karakteriserer Fosses suksessrike forfattarskap - skrivemåte, motiv og tema? Emnet gir ei fordjuping i Jon Fosses forfattarskap. I tillegg til å undersøke sentrale verk og utviklingsliner i forfattarskapen, omfattar emnet ein teoridel der litteraturteori og sjanger står sentralt.

Opptakskrav

Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.

Bachelor i språk og litteratur (eller tilsvarande) med fordjuping i nordisk (80 studiepoeng). Av dei 80 studiepoenga (stp) i nordisk må 60 stp vere frå 1000-nivå og 20 stp frå 2000-nivå, og det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt tilsvarande C eller betre i desse emna i nordisk. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

KunnskapStudentane har:

• spesialisert kunnskap om Fosses forfattarskap, enkeltverk og skrivemåte/poetikk

• spesialisert kunnskap om litteraturteori og sjangerteori

Ferdigheiter

Studentane kan:

• bruke kunnskapen på nye område innanfor fagfeltet• analysere faglege problemstillingar

• arbeide sjølvstendig med teori og litteratur

• bruke relevant teori og metode i tolking av litterære tekstar

• analysere og kritisk drøfte ulike forståingar av forfattarskapen/enkeltverk

Kompetanse

Studentane kan:

• kan formidle sjølvstendig vitskapeleg arbeid på ein fagleg adekvat måte

• kan kommunisere om faglege problemstillingar innanfor fagområdet


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Undervisning: 2 timar pr. veke i ca. 13 veker.