Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2025

NOR-6004 Norsk som andrespråk - 15 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet er første del av vidareutdanninga Norsk 2 for 8.-13. trinn. Nettbasert.

For stipend- og vikarmidler hos Udir er søknadsfristen 1. mars.

I tillegg må ein søkja på vidareutdanninga på UiT via søknadsportalen EVU-web. Søknadsfristen er 15. april.

Sjå http://uit.no/ilp/evu for meir informasjon.


Studiepoengreduksjon

NOR-2055 Norsk som andrespråk. Spesialemne for internasjonale studenter. 10 stp

Innhold

Emnet gir ei innføring i kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar variantar av mellomspråk. Det blir gitt ei grundig innføring i ulike andrespråksteoriar, og korleis ein kan bruke desse til å analysere norsk språkbruk hos andrespråksinnlærarar. Hovudvekta vil bli lagt på undersøkingar og analyse av sjølve språksystemet (fonologi, vokabular, morfologi og syntaks). Ulike aspekt ved norsk grammatikk vil bli presentert i eit samanliknande perspektiv. Teoretiske aspekt ved andrespråkstileigning blir også kopla til andrespråksundervising og fagdidaktiske problemstillingar som gjeld undervisning på 8.-13. trinn. I løpet av kurset skal studentane få forståing for relevansen av underundervisnings- og forskningsfeltet norsk som andre språk i skule og samfunnsliv.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 8.-13. trinn.

Fullført norsk 1 eller tilsvarande 30 studiepoeng i norsk eller nordisk.

Deltakarane må vere i et tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

• andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit

• ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning

• kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar

• sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking

• sentrale prinsipp for undervisning for elevar med norsk som andrespråk, inkludert undervisning basert på digitale løysingar

• språklege rettar for elevar som lærer norsk som andrespråk slik det går fram av opplæringslova og Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020

Ferdigheiter

Studenten kan:

• bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte

• grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk

• diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk

• presentere fagstoffet munnleg og skriftleg

• gjennomføre ei empirisk undersøking rundt undervisning for elevar med norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studentane kan:

• bruke kunnskap om andrespråkstileigning til å planlegge og reflektere over undervisning i ei elevgruppe som har ein eller fleire elevar lærer seg norsk som andrespråk


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk

Språk på arbeidskrav: nynorsk

Språk på eksamen: bokmål

Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk.

Sjølvvalt pensum kan vere på andre språk etter avtale med emneansvarleg.


Undervisning

Undervisninga er nettbasert og gjeven i form av fem tematiske modular. Mellom kvar modul skal studentane delta i fem webinar på zoom der det blir føresett aktiv deltaking i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l. Studentane skal i tillegg møtast i faste studiegrupper.