| Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2025
NOR-3045 Norsk som andrespråk - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Studiepoengreduksjon
Innhold
Opptakskrav
Bachelor i språk og litteratur (eller tilsvarande gradsutdanning) med fordjuping i norsk språk og litteratur på morsmålsnivå (80 studiepoeng). Av dei 80 studiepoenga (stp) i fordjuping må 60 stp vere frå 1000-nivå og 20 stp frå 2000-nivå, og det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt tilsvarande C eller betre i emna som inngår i graden. Emne med vurderingsuttrykk 'bestått' blir ikkje tatt med i utrekninga. Som eit unntak kan emne utanfor grada takast med som ein del av fordjupinga. Kontakt instituttet for nærare informasjon om dette.
Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.
Hva lærer du
I løpet av kurset skal studentane få forståing for relevansen av undervisings- og forskingsfeltet norsk som andrespråk i skule og samfunnsliv.
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar:
Studenten har kunnskap om:
- andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit
- ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning
- kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar
- sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte
- grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk
- diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk
- presentere fagstoffet munnleg og skriftleg
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisnings- og eksamensspråk er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk.
Ved alle eksamenar vert rett og god språføring vektlagt.
Undervisning
Undervising i form forlesingar og diskusjonar.
Kvalitetssikring av emnet: Alle emne skal evaluerast ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva slags emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.