Skriv ut | ![]() | Lukk vindu |
Høst 2025
NOR-1011 Moderne språkstruktur - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Studiepoengreduksjon
Innhold
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Søknadskode 9199 enkeltemne (ikke realfag) lågare grad. Du treng ikkje oppgje kva for emne du søkjer opptak til.
Hva lærer du
Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten har:
• grunnleggande kunnskapar om moderne norsk fonologi, morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur
• kjennskap til norsk som andrespråk, semantikk og pragmatikk
Ferdigheiter
I samsvar med teoriar og metodar som emnet bygger på kan studenten:
• analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - fonologi, morfologi og syntaks
• sjå semantiske og pragmatiske relasjonar i norsk språk
• gjere ei grunnleggande analyse av ein norsk andrespråkstekst
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisnings- og eksamensspråket er norsk. Pensumlitteraturen er på norsk, og ev. andre skandinaviske språk og engelsk.
Eksamensspråket er norsk - målform bokmål.
Undervisning
Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.
Kvalitetssikring:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.