Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2025
LER-1101 Norsk 1-7 Begynneropplæring - 15 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet er obligatorisk i grunnskolelærarutdanningen for 1.-7. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.
Forkunnskapskrav
Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn.
Studiepoengreduksjon
Innhold
Dette emnet har eit særleg fokus på barns språkutvikling. Det blir lagt vekt på overgangen barnehage - skole og på begynnaropplæring i lesing og skriving for einspråklege og fleirspråklege elevar med vekt på tilhøva i Nordnoreg. Studentane blir kjente med ulike tilnærmingar til lesing og skriving, med førebygging av lese- og skrivevanskar og med ulike former for kartlegging.
Vidare skal studentane lese eit utval barnelitteratur i ulike sjangrar med sikte på å skape interesse og motivasjon for lesing. Arbeid med IKT og multimodale tekstar er ein sjølvsagd del av emnet.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- brei kunnskap om barns språkutvikling og barns skrive- og leseutvikling
- kunnskap om språket som system med vekt på fonologi og morfologi
- kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og språkleg mangfald som ein ressurs
- kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, særleg i begynnaropplæringa
- kunnskap om litterær analyse og litteraturdidaktikk
- kunnskap om lese- og skrivevanskar i eit førebyggande perspektiv
Ferdigheiter
Studenten kan:
- bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for val som kan fremme munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
- gjere greie for og reflektere over val av ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa
- analysere og tolke ulike typar tekstar, også samiske
- samtale om og formidle litteratur på varierte måtar som kan stimulere elevers leselyst og vidare lesing
- bruke ulike kartleggingsverktøy og oppdage forsinka lese- og skriveutvikling
- reflektere over tilpassa opplæring i lese- og skriveopplæringa
- vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på læringa til ulike elevar
Kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn, særleg i begynnaropplæringa
- kan reflektere over korleis ein som norsklærar kan legge til rette for leikprega og utforskande undervising som fører til meistring og utvikling
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikle ferdigheitene sine i lesing og skriving gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, og gjennom vurdering av eige og andre sitt arbeid. Studentane skal også produsere og prøve ut digitale læringsressursar og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen, med særleg vekt på leikprega og utforskande arbeidsformer.
Kvalitetssikring
Emnet blir evaluert i samsvar med instituttets retningslinjer.
Praksis
For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.