Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2024
NOR-3135 Nordiskfaget og samfunnet - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Innhold
Opptakskrav
Opptakskrav: bachelorgrad eller tilsvarende grad i nordisk språk og litteratur. Grada må ha ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng i norsk språk og litteratur på morsmålsnivå, med 60 studiepoeng (stp.) på 1000-nivå og 20 stp. på 2000-nivå. Som eit unntak kan emne utanfor grada takast med som ein del av fordjupinga. Kontakt instituttet for nærare informasjon om dette.
Det er òg krav om gjennomsnittskarakter på C (2,5) eller betre. Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emna som inngår i grunnlaget for opptak (bachelorgraden, 180 stp.). Emne med vurderingsuttrykk 'bestått' blir ikkje tatt med i utrekninga.
I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.
Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.
Hva lærer du
Etter greidd emne har studentane opppnådd følgjande læringsutbytte:
Kunnskaper
Studenten har:
- utvida kunnskapar om den politiske språkhistoria i Noreg frå 1814 fram til i dag
- kunnskapar om den faghistoriske utviklinga i nordiskfaget
- innsikter i samspelet mellom politikk, forvaltning, skulefaget norsk og universitetsfaget nordisk
- kunnskapar om det litterære system i Noreg, om litterær vurdering og om litteraturarbeidet i skulen
- kunnskapar om litteraturformidling og korleis ein litterær kanon blir danna
Ferdigheter
Studenten kan:
- gjere greie for kvifor nordiskfaget er sentralt for norsk skule og samfunnsliv
- drøfte språkspørsmål i eit politisk perspektiv
- diskutere rolla skjønnlitteraturen og sakprosaen spelar for utviklinga av nasjonalspråket
- demonstrere kunnskap og evne til sjølvstendig fagleg drøfting
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Emnet er samlingsbasert hausten 2024 (ca. 3 samlingar) og har eit omfang på omlag 26 undervisningstimar totalt i form av førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Veker utan undervising skal nyttast til sjølvstudium.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.