Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2024
NOR-3016 Språkvitenskapelig teori og metode - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Innhold
Emnet tar utgangspunkt i samspelet mellom teori, metode og data i planlegging og gjennomføring av språkvitskaplege forskingsprosjekt. Studentane blir presenterte for teoretiske tilhøve rundt utforskinga av nordiske språk med hovudvekt på norsk. Dei skal vidare setje seg inn i sambandet mellom teoretiske perspektiv og ulike metodar for å samle inn og handsame ulike typar språkleg materiale frå både munnlege og skriftlege kjelder. Dei skal kritisk vurdere metodiske val både i språkvitskapelege arbeid generelt og i eigne studentprosjekt.
Målet med studiet er at studentane skal kunne gjennomføre ei språkvitskapleg gransking med teoretisk medvit og på ein metodisk best mogeleg måte i høve til målsetjing og problemstilling i prosjektet.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om:
- forholdet mellom teori, metode og data
- vitskapsteoretiske forhold
- ulike typar empirisk materiale på det språkvitskaplege feltet, dvs. korleis ein samlar inn ulike språklege data, og kva ulike datasett kan brukast til
- etiske retningslinjer for handsaming av språkvitskaplege data
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kjenne att, gjere greie for, vurdere og drøfte ulike faglege og teoretiske orienteringar som inngår i studieemnet
- gjere ei kritisk vurdering av metodisk utforming i språkvitskaplege arbeid generelt
- planlegge og gjennomføre ei eiga innsamling av språklege data
- analysere dette empiriske materialet og diskutere resultata på bakgrunn av relevant teori
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Eksamensspråk: Norsk
Målform: Nynorsk
Undervisning
Emnet er samlingsbasert hausten 2024 (ca. 3 samlingar). Undervisinga blir normalt gjeven i form av forelesingar og seminar. Veker utan undervising skal nyttast til sjølvstudium.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.