Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2024

NOR-1011 Moderne språkstruktur - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet kan takast som eit enkeltemne og er ein del av årsstudiet i nordisk, lektorutdanninga trinn 8-13 med nordisk som fag 1 og 2 og bachelor i nordisk språk og litteratur.

Studiepoengreduksjon

NORDGFS Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp

Innhold

Emnet gjev ei grunnleggande innføring i fonologi, morfologi og syntaks i moderne norsk, i nokon monn også grunnleggande strukturelle skilnader mellom norsk og andre nordiske språk. Studiet av fonologi er framom alt knytt til transkripsjon (med fokus på å lære å transkribere eigen dialekt med IPA, men i mindre grad markering av lengde og trykk) og stavingsstruktur. Studiet av morfologi er knytt til ordklassar, ordlaging og ordstruktur i norsk. I syntaks lærer ein grunnleggande setningsanalyse. Emnet gjev også ei kort innføring i norsk som andre språk, semantikk og pragmatikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 enkeltemne (ikke realfag) lågare grad.


Hva lærer du

Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten har:

• grunnleggande kunnskapar om moderne norsk fonologi, morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur

• kjennskap til norsk som andrespråk, semantikk og pragmatikk

Ferdigheiter

I samsvar med teoriar og metodar som emnet bygger på kan studenten:

• analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - fonologi, morfologi og syntaks

• sjå semantiske og pragmatiske relasjonar i norsk språk

• gjere ei grunnleggande analyse av ein norsk andrespråkstekst


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk. Pensumlitteraturen er på norsk, og ev. andre skandinaviske språk og engelsk.

Eksamensspråket er norsk - målform bokmål.


Undervisning

Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar, ca. 52 timar. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.

Kvalitetssikring:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.