Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2024
ERN-3900 Masteroppgave i klinisk ernæring - 54 stp
Ansvarlig enhet
Institutt for samfunnsmedisin
Emnetype
Emnet er forbeholdt studenter på master i klinisk ernæring, og kan ikke tas som enkeltemne.
Studiepoengreduksjon
ERN-3950 Masteroppgave i klinisk ernæring 54 stp
Innhold
Innhaldet i dette emnet byggjer på arbeidet som vart gjort i ERN-3006 Masteroppgåve - protokollemne. Studenten skal no utføra eit individuelt forskingsprosjekt, i samarbeid med rettleiarar. Studenten skal analysera data, skriva saman resultata og drøfta funna, og setja dei inn i ein større vitskapleg samanheng. Studentane skal også leggja fram prosjektet munnleg på ulike steg i forskingsprosessen.
Obligatorisk forkunnskapskrav
ERN-3000 Klinisk ernæring 1, ERN-3002 Klinisk ernæring 2, ERN-3004 Epidemiologi, statistikk og forskningsmetoder, ERN-3006 Masteroppgave - forskningsprotokoll
Hva lærer du
Etter avslutta emne skal studentane kunna:
Kunnskapar:
- Gjera greie for dei ulike stega i forskingsprosessen
- Gjera greie for etiske vurderingar som er gjort i eit forskingsprosjekt
Ferdigheter:
- Formulera ei vitskapleg problemstilling, samanstilla og drøfta litteratur som klargjer denne, og argumentera for ein konklusjon underbygd av vitskaplege funn
- Planleggja og gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med forskingsetiske normer
- Bearbeida og analysera vitskaplege data ved hjelp av statistiske metodar, eller andre relevante metodar
- Formidla resultat frå prosjekt- og forskingsarbeid skriftleg og munnleg
- Skriva ein akademisk tekst med rett bruk av referansestil, fagspråk og sjanger
- Diskutera styrkar og veikskapar ved prosjektet
Generell kompetanse:
- Reflektera over eigen fagkompetanse og opptre i samsvar med etiske normer i klinisk praksis og i forskningsarbeid
- Vedlikehalda og utvikla kompetansen sin over tid og bidra til kunnskapsutvikling innan ernæringsfaget
- Opparbeida kunnskapar og ferdigheiter som gjer studenten i stand til å delta i og gjennomføra framtidige forskings- og utviklingsprosjekt
Det blir også vist til læringsutbytte for langsgåande tema i Vitskapleg og Profesjonell kompetanse i ernæring, og ERN-3006 Masteroppgåve - forskingsprotokoll
Undervisnings- og eksamensspråk
Oppgåva og munnleg eksamen kan føregå på norsk eller engelsk, eventuelt andre skandinaviske språk (i blanding).
Undervisning
- Sjølvstendig arbeid (under rettleiing)
- Seminar
Pensum: Studenten (saman med rettleiar) definerer pensum gjennom vurdering av kva som er relevant litteratur for oppgåva.