Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2024
LER-2112 Norsk 5.-10. trinn: Tekst i en digital verden - 20 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.
Forkunnskapskrav
Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn.
Studiepoengreduksjon
Innhold
I dette emnet er skrivepedagogikk, argumentasjon, retorikk, adapsjon og multimodale tekstar viktige tema, og studentane skal blant anna arbeide med analyse og produksjon av multimodale tekstar i ulike medium og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse.
Oppfølging av kartleggingsprøver og kunnskap om lese- og skrivevanskar blir også tatt opp i dette emnet. Det blir lagt vekt både på studentanes eigne ferdigheiter i tekstproduksjon og på det å kunne tilrettelegge for elevanes læring. Emnet tar også opp perspektiv på norskfaget før, no og i framtida.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- brei kunnskap om skriftlege og multimodale sjangrar og teksttypar som er relevante for mellomtrinnet og ungdomstrinnet
- brei kunnskap om eksplisitt og implisitt sjangerundervisning og om prosessorientert skriving i skriveopplæringa
- kunnskap om retorikk og argumentasjon i munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kunnskap om personvern og kjeldebruk og om barn og unges samhandling med ulike media
- kunnskap om og eit kritisk forhold til ulike kartleggingsverktøy
- kunnskap om lese- og skrivevanskar
Ferdigheiter
Studenten:
- kan analysere og vurdere elevtekstar i relevante sjangrar for mellom- og ungdomstrinnet
- kan analysere og vurdere multimodale og digitale tekstar og adaptasjonar
- kan produsere og publisere multimodale tekstar
- forheld seg til etiske og juridiske problemstillingar knytte til informasjonsteknologi og digital kommunikasjon
- kan bruke og vurdere digitale verktøy og nye digitale læringsarenaer i opplæringa
- kan kartlegge og vurdere grunnleggande språkferdigheiter og bidra til å sette i verk tiltak
Kompetanse
Studenten:
- kan reflektere over norskfaget som identitetsfag og danningsfag i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn og i eit historisk perspektiv
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium både skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla ferdigheitene sine i lesing og skriving på skjerm og papir gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, gjennom å delta i organiserte diskusjonar og samtalar og gjennom vurdering av eige og andres arbeid. Studentane skal også produsere og prøve ut digitale læringsressursar og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som kan brukast i skulen.
Kvalitetssikring
Alle emne blir evaluert i samsvar med instituttets retningslinjer.
Praksis
For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.