Skriv ut Lukk vindu


 

Vår 2024

NOR-3024 Flerspråklighet - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet kan takast som enkeltemne dersom studenten oppfyller opptakskravet til master i nordisk språk og litteratur. Emnet er eit valemne i master i språk og litteratur og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk. Emnet kan også takast som vidareutdanning av lærarar.

Studiepoengreduksjon

NOR-6005 Flerspråklighet 10 stp

Innhold

Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråklegheit i skolen, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Emnet tek opp både historiske og notidige perspektiv, og det fleirspråklege Nordkalotten vil bli særleg vektlagt. Vektlegginga av tema i emnet kan elles variere.

Opptakskrav

Opptakskrav:

Bachelorgrad i nordisk språk og litteratur, eller tilsvarande grad. Grada må ha ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng i nordisk, med 60 studiepoeng (stp.) på 1000-nivå og 20 stp. på 2000-nivå. Som eit unntak kan emne utanfor grada takast med som ein del av fordjupinga. Kontakt instituttet for nærare informasjon om dette.

Det er òg krav om gjennomsnittskarakter på C (2,5) eller betre. Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emna som inngår i grunnlaget for opptak (bachelorgraden, 180 stp.). Emne med vurderingsuttrykk 'bestått' blir ikkje tatt med i utrekninga.

Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ønskjer å søkje opptak til.


Hva lærer du

Etter bestått eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten har:

• kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn

Ferdigheiter

Studenten kan:

• skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring

Kompetanse

Studentane kan:

• bruke kunnskap om fleirspråklegheit til å reflektere over situasjonar der fleirspråklegheit er eit sentralt tema


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningspråk: norsk

Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk)


Undervisning

Ordinær undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleder avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærarar kvart år.