Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2024
STA-2004 Statistiske metoder - 10 stp
Ansvarlig enhet
Institutt for matematikk og statistikk
Emnetype
Emnet inngår som valgfag i flere studieprogram som f. eks. Kunstig intelligens, sivilingenør - master. Det kan også tas som enkeltemne.
Studiepoengreduksjon
HEL-3070 Biostatistics II 2.5 stp
Innhold
Emnet er en videreføring av statistikkdelen i STA-1001 Statistikk og sannsynlighet. Hovedvekten vil bli lagt på toutvalgsproblem, regresjonsanalyse, variansanalyse og ikkeparametriske metoder.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og følgende spesielle opptakskrav:
Matematikk R1 + R2 og i tillegg enten:
- Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1+ 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Anbefalte forkunnskaper er STA-1001 Statististikk og sannsynlighet eller tilsvarende.
Søknadskode 9336 - enkeltemner i realfag.
Hva lærer du
Eit viktig mål med kurset er at studentane skal bli vane med å bruke statistikkprogrampakka R eller liknande programpakkar både i praktisk og teoretisk arbeid innan statistikk. Etter gjennomført kurs skal studentane vere i stand til å:
- Finne fordeling til transformasjonar av ein- og todimensjonale stokastiske variablar.
- Finne estimatorar ved bruk av momentmetoden, sannsynsmaksimering og bayesmetoden.
- Gjennomføre modelltestar for å sjekke fordelinga er som føresett.
- Bruke simuleringar for å rekne ut sannsyn, forventing og varians for stokastiske variablar (inklusive estimatorar).
- Sette opp ein enkel og multippel lineær regresjonsmodell.
- Estimere koeffisientane i ein slik modell frå data ved bruk av minste kvadratmetoden.
- Gjere inferens for ein slik modell, inklusive testar for koeffisientane og for den fulle modellen.
- Gjennomføre ein prosedyre for val av beste modell basert på testar eller mål på godheit av modellane.
- Gjennomføre ein residualanalyse av ein modell for å sjekke føresetnadene i modellen.
- Kjenne til metodar som kan vere aktuelle om føresetnadene ikkje er oppfylte, som transformasjonar og ikkje-lineære modellar.
- Sette opp ein lineær variansanalysemodell for ein responsvariabel og ein eller fleire faktorar.
- Teste effekten av ein eller fleire faktorar, frå data, ved bruk av variansanalyse.
- Gjennomføre testar for å sjekke om føresetnaden om lik varians er oppfylt.
- Ta omsyn til effekten av blokkvariablar i variansanalysen.
- Gjere samanlikningar ved hjelp av kontrastar og ta omsyn til effekten av multiple samanlikningar.
- Teste for og ta omsyn til eventuelt samspel i dataene.
- Gjennomføre analysen for tilfelle der somme av effektane er stokastiske.
- Kjenne til og kunne bruke ikkje-parametriske testar for tilfelle der føresetnader som normalfordeling ikkje er oppfylt.
Undervisnings- og eksamensspråk
Norsk
Undervisning
Forelesninger: Ca. 40 t. Øvelser: Ca. 30 t.