Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2023

HIS-1201 Norge og verden før 1750 - 20 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi

Emnetype

Emnet er obligatorisk i årsstudiet i historie, bachelorstudiet i historie og på lektorutdanning 8-13 med historie som fag 1 eller 2. Emnet kan takast som enkeltemne.

Studiepoengreduksjon

HIS-1002 Handelskapitalisme, statsmakt og revolusjoner 1500-1850 5 stp

Innhold

Emnet omhandlar europeisk historie med særleg vekt på norsk og samisk historie i ein brei internasjonal kontekst frå ca. år 1000 og fram til 1750.

Emnet er bygd opp kronologisk og tar opp framveksten, omforminga og ekspansjonen av europeiske samfunn og statar frå ca. år 1000 og fram til 1750. Brot og kontinuitet er sentrale omgrep i emnet, som omhandlar tidsperiodane mellomalder og tidleg nytid. Endringar i folketalet gjennom denne perioden, både auke og nedgang, fekk stor tyding for samfunnsutviklinga. I mellomalderen blei grunnlaget for fleire av dei moderne statane i Europa lagt, medan byvekst og internasjonal handel skapte grobotn for industrialisering og merkantilisme i tidleg nytid. På same tid blei tilhøva for styring, næring og religiøs praksis grunnleggjande endra som følgje av store sosiale, økonomiske, religiøse og politiske omveltingar. Eitt resultat av dette var fragmentering av den til då relativt einskaplege vestlege kristendomen, og det skapte føresetnader for einevelde og la til rette for meir utstrakt kontakt med, ekspansjon til og gradvis herredømme over andre verdsdelar gjennom handel med råvarer og menneske. Noregs politiske, økonomiske og kulturelle utvikling blir studert i lys av desse endringane i og bortom Europa, og emnet legg særskilt vekt på norske, nord-norske og samiske særtrekk i perioden.

Den realhistoriske tematikken blir nytta til ei innføring i historiefagets kva, korleis og kvifor. Gjennom realhistoriske problemstillinger får studentane erfaring med å bruke og drøfte historiefaglege metodar og kjeldekritikk, og dei får gjere seg kjende med sentrale historiefaglege omgrep og debattar.


Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 - enkeltemner lavere nivå.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studentane:

Ferdigheter

Studentane kan:


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er norsk.

Eksamensspråk er normalt norsk, men det kan også gis anledning til å skrive oppgaver og eksamensbesvarelser på annet skandinavisk språk eller engelsk. Det må eventuelt avtales med instituttet på forhånd.


Undervisning

Studentane vil i emnet få undervisning i form av førelesingar, seminar og kollektiv og individuell rettleiing. I undervisninga blir det tatt i bruk både fysiske og digitale læringsressursar. Studentane må sjølve legge ned ein stor innsats i form av å lese pensum, delta aktivt på førelesingar og i seminar- og kollokviegrupper. I seminarundervisninga vil studentane bli delt i mindre grupper, og seminara vil bli brukt til å jobbe med arbeidskrava og eksamensførebuing.

Førelesing og seminar: 5 dobbelttimar (2 x 45 min) i veka i 13 veker.

I tillegg er det forventa at studentane les pensum, deltar aktivt på dei tilrettelagte kollokviegruppene og arbeider med arbeidskrava. I arbeidet med arbeidskrava vil studentane få individuell og kollektiv rettleiing.

Alle emner evalueres en gang i løpet av programperioden. Studieprogramleder avgjør hvilke emner som skal evalueres av studenter og lærer per år.