Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2023

NOR-3016 Språkvitenskapelig teori og metode - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet kan ikkje takast som eit enkeltemne og er eit emne i master i nordisk språk og litteratur og valemne i lektor i språk og samfunnsfag for trinn 8-13, studieretning nordisk. Emnet er best eigna for studentar som tar det siste året i masterprogrammet, og arbeider med språkvitskaplege masteroppgåveprosjekt.

Innhold

Emnet tar utgangspunkt i samspelet mellom teori, metode og data i planlegging og gjennomføring av språkvitskaplege forskingsprosjekt. Studentane blir presenterte for teoretiske tilhøve rundt utforskinga av nordiske språk med hovudvekt på norsk. Dei skal vidare setje seg inn i sambandet mellom teoretiske perspektiv og ulike metodar for å samle inn og handsame ulike typar språkleg materiale frå både munnlege og skriftlege kjelder. Dei skal kritisk vurdere metodiske val både i språkvitskapelege arbeid generelt og i eigne studentprosjekt.

Målet med studiet er at studentane skal kunne gjennomføre ei språkvitskapleg gransking med teoretisk medvit og på ein metodisk best mogeleg måte i høve til målsetjing og problemstilling i prosjektet.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

Ferdigheiter

Studenten kan:


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Eksamensspråk: Norsk

Målform: Nynorsk


Undervisning

Emnet er samlingsbasert hausten 2023 (3 samlingar). Undervisinga blir normalt gjeven i form av forelesingar og seminar. Veker utan undervising skal nyttast til sjølvstudium.

Kvalitetssikring av emnet: Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.