Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2023

VID-6088 Norsk 1 for 5-10 trinn, del 1: Språkdidaktikk - 15 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for lærerutdanning og pedagogikk

Emnetype

Vidareutdanning for lærarar på lågare grad. Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 5-10 trinn.

Deltakarane må vere i et tilsettingsforhold på 5-10 trinn i grunnskolen som tillet at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.

Søknadsfrist er 01. mars på http://udir.no/videreutdanning (for stipend og vikar-ordning). Og ca. 15.mai på http://uit.no/evuweb for restplass-søkere. Se https://uit.no/utdanning/videreutdanning/ilp for mer informasjon.

Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.


Innhold

Emnet legg vekt på følgjande tre område:

Norsk i endring i skrift og tale

Basert på kunnskap om språkhistorie og dagens forhold ser vi på utvikling av mangfaldet i den norske språksituasjonen, og korleis norsk språk blir påverka av at samfunnet har blitt meir multikulturelt. Tema frå sosiolingvistikk og dialektologi vil vise at språk i bruk er språk i endring.

Skriving og tekst

Området omfattar utforsking og drøfting av skriving og tekst i ulike sjangrar, for ulike formål og i ulike fag. Respons i skriveprosessen og vurdering av tekst blir diskutert med utgangspunkt i elevtekstar og studentane sine eigne skriveprosessar. Samanhengen mellom munnlege og skriftlege prosessar blir vektlagt.

Kunnskap om og utforsking av språk

Området omfattar kunnskap om norsk som første- og andrespråk, om språket som system og språket i bruk, samt evne til å nytte denne kunnskapen i praksis. For å kunne diskutere tekstar, må studentane ha eit omgrepsapparat knytt til ulike sider av grammatikken og tekstgrammatikken.


Hva lærer du

Kunnskapar og forståing:

Studentane skal

 

Ferdigheiter:

Studentane skal

 

Kompetanse:

Studentane skal


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk er undervisningsspråk, og skriftlege produkt skal vere på nynorsk

Undervisning

Emnet er samlingsbasert med inntil tre samlingar á inntil tre dagar. På samlingane vil undervisninga bli lagt opp rundt forelesingar, diskusjonar, obligatoriske munnlege framføringar og rettleiing knytt til obligatorisk arbeid. Mellom samlingane må studentane rekne med å bruke mykje tid til individuelt arbeid og til å delta i gruppearbeid, fysisk og/eller via nettet.

Gjennom heile emnet blir det lagt opp til at både fagleg kunnskap og forståing, språklege ferdigheiter og fagdidaktisk kompetanse blir utvikla gjennom utprøving i eigne klasserom. Erfaringane frå klasserommet blir tatt vidare i diskusjonar med faglærarar og medstudentar, og dannar grunnlag for delar av arbeidskrava og eksamenstekstane.