Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2022

NOR-1011 Moderne språkstruktur - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet kan takast som eit enkeltemne og er ein del av årsstudiet i nordisk, lektorutdanninga trinn 8-13 med nordisk som fag 1 og 2 og bachelor i nordisk språk og litteratur.

Studiepoengreduksjon

NORDGFS Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp

Innhold

Emnet gjev ei grunnleggande innføring i fonologi, morfologi og syntaks i moderne norsk, i nokon monn også grunnleggande strukturelle skilnader mellom norsk og andre nordiske språk. Studiet av fonologi er framom alt knytt til transkripsjon ( med fokus på å lære å transkribere eigen dialekt med IPA, men i mindre grad markering av lengde og trykk) og stavingsstruktur. Studiet av morfologi er knytt til ordklassar, ordlaging og ordstruktur i norsk. I syntaks lærer ein grunnleggande setningsanalyse. Emnet gjev også ei kort innføring i norsk som andre språk, semantikk og pragmatikk. 

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret. 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag).


Hva lærer du

Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:  

Kunnskapar

Studenten har:  

•    grunnleggande kunnskapar om moderne norsk fonologi, morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur

•    kjennskap til norsk som andrespråk, semantikk og pragmatikk  

Ferdigheiter

I samsvar med teoriar og metodar som emnet bygger på kan studenten:

•    analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - fonologi, morfologi og syntaks 

•    sjå semantiske og pragmatiske relasjonar i norsk språk

•    gjere ei grunnleggande analyse av ein norsk andrespråkstekst 


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk. Pensumlitteraturen er på norsk, og ev. andre skandinaviske språk og engelsk.

Eksamensspråket er norsk - målform bokmål


Undervisning

Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar, ca. 52 timar. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.

 

Kvalitetssikring:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Dato for eksamen

Skriftlig skoleeksamen 05.12.2022

Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.