Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2021

LER-2111 Norsk 1-7 Mangfold i språk og tekst - 15 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for lærerutdanning og pedagogikk

Emnetype

Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapskrav

Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn.


Innhold

I dette emnet er mangfald i munnlege, skriftlege og multimodale uttrykksformer for ein- og fleirspråklege elevar sentrale tema. Studenten vil få kunnskap om språkleg mangfald i Noreg, med vekt på nordnorske og samiske forhold og arbeide med språkhaldningar og språkets identitetsskapande og utstøytande funksjon. 

Eit anna tema er den andre leseopplæringa, både lesing som grunnleggande ferdigheit og lesestrategiar, lesestimulering og arbeid med litteratur. Kunnskap om lese- og skrivevanskar er ein del av dette. I litteraturutvalet blir det lagt særleg vekt på nyare litteratur for barn og på regional litteratur.          


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

                   

Ferdigheiter

Studenten kan:

 

Kompetanse

Studenten:


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir særleg lagt vekt på at studentane får øving i aktiv deltaking i organiserte diskusjonar og samtalar og i kreative tilnærmingar til litteratur.

Studentane får vidareutvikle ferdigheitene sine i lesing på skjerm og papir gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og utprøving av lesestrategiar. Studentane skal også produsere og prøve ut digitale læringsressursar og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen.

Antal undervisningstimar utgjør om lag 75 timar, inkludert seminarundervisning.

Kvalitetssikring av emnet

Alle emne blir evaluert ein gong i løpet av programperioden.

Praksis

For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.


Eksamen

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:

Notat kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digital tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.

Begge målformer skal vere representert i omtrent like stort omfang. 

Eksamen består av:

Munnleg presentasjon av norskfagleg problemstilling (15 minutt) etterfulgt av samtale/diskusjon med fagfellar (15 minutt). Eksamen blir gjennomført i grupper på tre (eventuelt to) studentar der deltaking i samtale/diskusjon om framlegga til medstudentane er obligatorisk. Faglærar leier samtalen.

Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk.

Ved karakter F/ikkje bestått blir det tilbydt kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbydt utsatt eksamen i byrjinga av påfølgande semester.