Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2021

NOR-1021 Moderne språkstruktur. Spesialemne for internasjonale studenter - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emne kan takast som enkeltemne og et eit tilbod til internasjonale studentar. Dersom studenten seinare tek eksamen i emnet NOR-1011, fell studiepoenga for dette emnet vekk.

Studiepoengreduksjon

NORDGFS Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp

Innhold

Emnet gjev ei grundig innføring i morfologi og syntaks i moderne norsk, i nokon monn også grunnleggande strukturelle skilnader mellom norsk og andre nordiske språk. Studiet av morfologi er knytt til ordklassar, ordlaging og ordstruktur i norsk. I syntaks lærer ein grunnleggande setningsanalyse. Emnet gjev også ei innføring i pragmatikk og tekstlingvistikk, der studentane lærer om tekst og kontekst.

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret. 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Opptakskrav

Forkunnskap i norsk: Kunnskap tilsvarande NOR-0100 Norsk språk, litteratur og kultur for internasjonale studenter.

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 - Enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag)


Hva lærer du

Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:  

Kunnskapar
Studenten har:  
•    grundige kunnskapar om moderne norsk morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur
•    grunnleggande kunnskapar om pragmatikk og tekstlingvistikk  

Ferdigheiter
Studenten kan:
•    analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - morfologi, syntaks og pragmatikk i samsvar med teoriar og metodar som emnet bygger på


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: Norsk eller eit anna skandinavisk språk. Pensumlitteraturen er på norsk, og evt. andre skandinaviske språk og engelsk.

Eksamensspråk: norsk, svensk eller dansk.


Undervisning

Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar, ca. 52 timar.

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden på bachelorgradsnivå. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Arbeidskrav: Følgjande arbeidskrav må vere godkjent før ein kan framstille seg for eksamen: •    tre obligatoriske skriftlege oppgåver

Målform: nynorsk. Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Time New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.   Eksamen består av: •    skuleeksamen på 6 timar

Eksamensspråket er bokmål. Ingen tillatne hjelpemiddel. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlag.   Vurderingsuttrykk: Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar A-F, der F er ikkje greidd.  Kontinuasjonseksamen:

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.


Dato for eksamen

Hjemmeksamen utlevering 06.12.2021 innlevering 06.12.2021

Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.