Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2021

NOR-2023 Nordiske språk. Spesialemne for internasjonale studenter - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet er eit tilbod til internasjonale studentar (utvekslings- og gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Emnet gir ikkje kompetanse til å undervise i norsk skole.

Emnet kan takast som enkeltemne.

Emnet overlappar med NOR-2013 Nordiske språk. Dersom studenten seinare tar emnet NOR-2013, fell studiepoenga for NOR-2023 bort.  


Studiepoengreduksjon

NOR-2013 Nordiske språk 10 stp

Innhold

Kurset gir eit generelt oversyn over Norden som språkområde i fortid og nåtid der dei nordiske språka blir sett i relasjon til kvarandre. Kurset gir dessutan ei nærare innføring i eitt eller fleire av dei nordiske språka dansk, svensk, islandsk og færøysk. I kurset kan ein ta opp både språkstruktur (fonologi, morfologi og syntaks) og språksosiale tilhøve (språkkontakt, talemålsvariasjon og skriftspråknormering). Kva for nordisk(e) språk og kva for perspektiv som vert vektlagde, kan variere frå semester til semester.

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir gitt i haustsemesteret og 1. desember for emne som blir gitt i vårsemesteret.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Søknadskode 9199 enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag). Du treng ikkje oppgje kva for emne du søker opptak til.

Tilrådde forkunnskapar: Forkunnskapar i norsk tilsvarande NOR-0100 Norsk språk, litteratur og kultur for internasjonale studentar, og kunnskapar tilsvarande språkemna på 1000-nivå i nordisk (NOR-1020, NOR-1021 og NOR-1022)  


Hva lærer du

Etter greidd emne har studentane  følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

Ferdigheiter:

Studenten kan:


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: Norsk. Eksamensspråk: Norsk, dansk eller svensk. Pensumlitteraturen kan vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Undervisning

I alt 26 undervisningstimar med ein kombinasjon av førelesingar, seminar, gruppearbeid og førebudde studentframlegg.

Kvalitetssikring av emne:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen må studenten leggje fram ein munnleg presentasjon (ca. 20 minutt) om ei avgrensa tema frå pensum innan ein fastsett frist. Arbeidskrav vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.

Eksamen består av:

Ei vekes heimeeksamen over oppgitt tema utan rettleiing. Oppgåvesvaret skal vere på 10-15 sider. Eksamensspråket er valfritt: norsk, svensk eller dansk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd. Det vert ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det vert òg stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.

Vurderingsuttrykk:

Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.


Dato for eksamen

Hjemmeeksamen utlevering 18.11.2021 innlevering 25.11.2021

Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.