Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2021
NOR-2024 Flerspråklighet - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet kan takast som enkeltemne og er eit valemne i bachelor i språk og litteratur og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk. Emnet kan også takast som vidareutdanning av lærarar.
Studentar som går bachelor i nordisk språk og litteratur, eller lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk, må ta dette emnet under koden NOR-2024 frå og med hausten 2018.
Anbefalte forkunnskapar er emne i nordisk på 1000-nivå eller tilsvarande.
Emnet har 100 % overlapp med HIF-2012.
Studiepoengreduksjon
Innhold
Søknadsfrist
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Søknadskode 9199 - Enkeltemne (ikkje realfag), lågare nivå. Ordinære og nettbaserte emner. Du treng ikkje oppgje kva for emne du søker opptak til.
Hva lærer du
Etter bestått eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studentane har:
- kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn.
Ferdigheiter
Studentane kan:
- skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråk: norsk/skandinavisk og ev. engelsk.
Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk).
Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk. Sjølvvalt pensum kan være på andre språk etter avtale med emneansvarleg.
Undervisning
Ordinær undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærarar kvart år.
Eksamen
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg for eksamen:
- I løpet av semesteret skal studenten skrive tre tekstar på mellom 8000 og 10000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege.
Minst ein av tekstane skal vere skriven på bokmål og minst ein på nynorsk. Den tredje teksten skal skrivast på valfri målform, evt. anna språk etter avtale med emneansvarleg. Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 10 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. Tekstane blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Eksamen består av:
- Ei semesteroppgåve som er ei vidareutvikling av ein av dei tre tekstane skrivne som arbeidskrav.
Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord, medan ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante problemstillingar som gjeld fleirspråklege individ eller eitt eller fleire samfunn. Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk).
Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.
Vurderingsuttrykk
Ved bedømming av eksamen vert det nytta karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.
Kontinuasjonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ei semesteroppgåve som har fått karakteren F (ikkje greidd), kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.
Dato for eksamen
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.