Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2021

NOR-6004 Norsk som andrespråk - 15 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Vidareutdanning av lærarar for 8.-13. trinn. Nettbasert.

Emnet er berre mogleg å ta for studentar som har fått opptak til norsk 2  for 8.-13. trinn via UDIR.


Studiepoengreduksjon

NOR-2055 Norsk som andrespråk. Spesialemne for internasjonale studenter. 10 stp

Innhold

Emnet gir ei innføring i kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar variantar av mellomspråk. Det blir gitt ei grundig innføring i ulike andrespråksteoriar, og korleis ein kan bruke desse til å analysere norsk språkbruk hos andrespråksinnlærarar. Hovudvekta vil bli lagt på undersøkingar og analyse av sjølve språksystemet (fonologi, vokabular, morfologi og syntaks). Ulike aspekt ved norsk grammatikk vil bli presentert i eit samanliknande perspektiv. Teoretiske aspekt ved andrespråkstileigning blir også kopla til andrespråksundervising og fagdidaktiske problemstillingar som gjeld undervisning på 8.-13. trinn. I løpet av kurset skal studentane få forståing for relevansen  av underundervisnings- og forskningsfeltet norsk som andre språk i skule og samfunnsliv.

Søknadsfrist

Søknadsfrist 01.03 på http://udir.no/vidareutdanning (Gir stipend-/vikarmiddel) Søknadsfrist/registreringsfrist ca. 15.05. på http://uit.no/evuweb (Restplassar) Sjå http://uit.no/ilp/evu for meir informasjon

Opptakskrav

Deltakarane må vere i et tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten har kunnskap om:

•    andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit

•    ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning

•    kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar

•    sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking

•    sentrale prinsipp for undervisning for elevar med norsk som andrespråk, inkludert undervisning basert på digitale løysingar

•    språklege rettar for elevar som lærer norsk som andrespråk slik det går fram av opplæringslova og Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020

Ferdigheiter:

Studenten kan:

•    bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte

•    grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk

•    diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk

•    presentere fagstoffet munnleg og skriftleg

•    gjennomføre ei empirisk undersøking rundt undervisning for elevar med norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studentane kan:

•    bruke kunnskap om andrespråkstileigning til å planlegge og reflektere over undervisning i ei elevgruppe som har ein eller fleire elevar lærer seg norsk som andrespråk


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk

Språk på arbeidskrav: nynorsk

Språk på eksamen: bokmål

Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk.

Sjølvvalt pensum kan vere på andre språk etter avtale med emneansvarleg.


Undervisning

Undervisninga er nettbasert og gjeven i form av fem tematiske modular. Mellom kvar modul skal studentane delta i fem webinar på zoom der det blir føresett aktiv deltaking i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l. Studentane skal i tillegg møtast i faste studiegrupper.

Eksamen

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før ein kan framstille seg til eksamen:

•    Studenten skrive ein tekst på mellom 700-1000 ord knytt til eit tema nærmare fastsett av dei kursansvarlege. Teksten skal skrivast på nynorsk. Teksten kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar. Ein tekst frå ei gruppe skal vere på minst 1000 ord ikkje meir enn 2000 ord. Teksten blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent.

•    Studenten skal gjere opptak av ein munnleg presentasjon på 8-10 minutt av ei empirisk undersøking av undervisning der andrespråkstileigning er eit sentralt tema. Denne presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg for medstudentar på emnet. Presentasjonen kan gjerast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar: ein gruppepresentasjon skal vere på 13-15 minutt. Presentasjonen blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent.

 Eksamen består av følgande:

•    Sju dagar heimeeksamen. Eksamen skal vere på omlag 3000 ord og skal skrivast på bokmål.

Ved bedømming av eksamen vert det nytta karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.  

Alle skriftlege arbeid på emnet er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.


Dato for eksamen

Hjemmeeksamen utlevering 25.11.2021 innlevering 02.12.2021

Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.