Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2020

LER-1112 Norsk 5-10 - 15 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for lærerutdanning og pedagogikk

Emnetype

Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapskrav

Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn.


Innhold

I dette emnet er lesing og leseopplæring eit sentralt tema, både lesing som grunnleggande ferdigheit og lesing av skjønnlitteratur, med vekt på nyere litteratur for barn og unge. Det blir lagt vekt på korleis ein gjennom arbeidet med litteratur kan skape interesse for og evne til sjølvstendig arbeid med litteratur hos elevane.

Studenten skal få kunnskap om språkleg mangfald i Noreg med vekt på nordnorske og samiske forhold og skal arbeide med språkhaldningar og språkets identitetsskapande og utstøytande funksjon. Norsk som andrespråk, kunnskap om dei to norske målformene og sidemålsdidaktikk er andre viktige tema i emnet.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

Ferdigheter

Studenten:

Kompetanse

Studenten:


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk

Undervisning

Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla ferdigheitene sine i lesing og skriving gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, og gjennom arbeid med respons og vurdering av eige og andres arbeid. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen.

Antal undervisningstimar utgjør om lag 75 timar, inkludert seminarundervisning.

Kvalitetssikring av emnet

Alle emne blir evaluert ein gong i løpet av programperioden.

Praksis

For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.


Eksamen

Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:

Notat kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digital tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.

Begge målformer skal vere representert i om lag like stort omfang.

Eksamen består av:

Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk.

Ved karakter F/ikkje bestått blir det tilbydt kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbydt utsatt eksamen i byrjinga av påfølgande semester.