Skriv ut Lukk vindu


 

Høst 2020

NOR-2013 Nordiske språk - 10 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Emnet kan tas som enkeltemne. Fordjupingsemne i bachelorstudiet i nordisk språk og litteratur og i lektorutdanning 8-13.

Tilrådde forkunnskapar: 1000-nivå i nordisk, eller tilsvarande.

Emnet overlappar med NOR-2023 Nordiske språk. Spesialemne for utanlandske studentar.


Studiepoengreduksjon

NOR-2023 Nordiske språk. Spesialemne for internasjonale studenter 10 stp

Innhold

Emnet gir eit generelt oversyn over Norden som språkområde i fortid og nåtid der dei nordiske språka blir sett i relasjon til kvarandre. Emnet gir dessutan ei nærare innføring i eitt eller fleire av dei nordiske språka dansk, svensk, islandsk og færøysk. I emnet kan ein ta opp både språkstruktur (fonologi, morfologi og syntaks) og språksosiale tilhøve (språkkontakt, talemålsvariasjon og skriftspråknormering). Kva for nordisk(e) språk og kva for perspektiv som vert vektlagde, kan variere frå semester til semester.

Søknadsfrist

1. juni for emner som blir gitt i haustsemesteret. 1. desember for emner som blir gitt i vårsemesteret.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag).


Hva lærer du

Etter greidd emne har studentane følgjande læringsutbytte:  

Kunnskapar

Studenten har:

Ferdigheiter:

Studenten kan:


Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk. Pensumlitteraturen kan vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Undervisning

Hausten 2020: Undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.studentframlegg.

Kvalitetssikring av emne:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Eksamen

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen må studenten leggje fram ein munnleg presentasjon (ca. 20 minutt) om eit avgrensa tema frå pensum innan ein fastsett frist. Arbeidskrav vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.

Eksamen består av:

Ei vekes heimeeksamen over oppgitt tema utan rettleiing. Oppgåvesvaret skal vere på 10-15 sider. Eksamensspråket er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd.  

Vurderingsuttrykk:

Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".  

Kontinuasjonseksamen:

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. august for emne som vert gitt i vårsemesteret.


Dato for eksamen

Hjemmeoppgave utlevering 23.11.2020 innlevering 30.11.2020

Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.