Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2019
HIS-3018 Kirke og stat i senmiddelalderen - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Innhold
Ein av dei raude trådane i dei historiske framstillingane av mellomalderen er tilhøvet mellom kyrkje og stat. På alle nivå; frå pave og keisar, biskop og fyrste og mellom geistlege og verdslege aktørar. Tilhøvet er prega av både strid og samarbeid - der det lettaste ofte er å sjå konfliktane, men som Halvdan Koht har sagt: Kyrkja kan vinne utan staten taper. Dette emnet vil sjå på kyrkje-stat-tilhøvet både frå politiske og religiøse/kulturelle perspektiv. Den store europeiske scenen vil vera bakteppe, men emnet konsentrerer seg om Norden og har eit særleg blikk for Nord-Noreg.
Sentrale tema i emnet er kyrkja si rolle i dei skandinaviske politiske unionane, den norske kyrkjeprovinsen sitt forhold til kurien og konfliktar, ansvars- og maktfordeling mellom kyrkje og kongemakt i nordområda. Vidare blir dei religiøse og kulturelle uttrykka i den norske katolske kyrkja tematiserte, og politiske, religiøse, kulturelle og etniske grense- og frontierforståingar blir drøfta i lys av forholdet mellom kyrkje og stat.
Emnet går også inn i dei viktigaste forskingsdebattane om forholdet mellom kyrkje og stat i seinmellomalderen, og ser på karakteristikkar som "Noregs nedgang" og "ei katolsk kyrkje i forfall". I historiografien går me særleg inn på kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud, som har ei stor bok- og manussamling etter seg på Universitetsbiblioteket i Tromsø.
Søknadsfrist
Opptakskrav
Hva lærer du
Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av forholdet mellom kyrkjemakt og statsmakt i Europa gjennom seinmellomalderen, og særleg kunnskap om Noreg og Nord-Noreg
- kunnskap om kyrkja si rolle i dei skandinaviske politiske unionane
- kunnskap om dei skandinaviske kyrkjeprovinsane sitt forhold til kurien og pavestolen i seinmellomalderen
- kunnskap om sentrale element i katolsk teologi og praksis i seinmellomalderen
- kunnskap om den katolske seinmellomalderkulturen i Noreg
- kjennskap til dei mest sentrale forskingsdiskusjonane på fagområdet
- kjennskap til det kyrkjehistoriske arbeidet til Oluf Kolsrud
Ferdigheiter
Studenten kan:
- nytte primærkjelder i sitt eige arbeid
- analysere fagstoff og trekke eigne slutningar
- reflektere over forholdet mellom 'religiøs' og 'sekulær'
- beskrive og analysere samansette aktørar som 'kyrkje' og 'stat'
- drøfte innhaldsrike omgrep som "katolsk kultur" og "religiøs praksis"
- formidle både munnleg og skriftleg historiefaglege spørsmål knytt til forholdet mellom kyrkje og stat på ulike nivå i seinmellomalderen
Kompetanse
Studenten skal:
- kunne arbeide sjølvstendig med historiefaglege problemstillingar knytt til forholdet mellom kyrkje og stat på ulike nivå i seinmellomalderen
- ha innsikt i og kunne reflektere over den historiografiske utviklinga i synet på forholdet mellom kyrkje og stat i seinmellomalderen
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Det blir gitt førelesingar frå faglærar og skipa til diskusjonar i seminara, knytt til sentrale tema for emnet. Studentane blir presenterte for Oluf Kolsrud-samlinga i Universitetsbiblioteket, og ein del av seminara vil vera knytt til arbeid med denne samlinga. Omfanget av undervisning tilsvarar 28-30 timar.
Undervisning som er gitt i løpet av semesteret blir rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentar kan prøvast i til eksamen.
Alle emne blir evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.
Eksamen
Arbeidskrav:
Studentane skal finne materiale i Oluf Kolsrud-samlinga på Universitetsbiblioteket og gje eit munnleg seminarinnlegg om ein av dei kyrkjehistoriske tekstane til Kolsrud. Seminarinnlegget må godkjennast før studenten kan framstille seg til endeleg eksamen.
Eksamen:
Eksamen består av mappevurdering og munnleg eksamen. Dette inneber at eksamen blir sett på som ein kontinuerleg læringsprosess for den enkelte deltakar. Mappevurderinga består av to individuelle skriftlege mappetekstar, kvar på omlag 3500 ord, som blir leverte til fastsette tidspunkt i løpet av semesteret. Studentane får individuell tilbakemelding frå faglærarar på den første mappeteksten.
Den samla mappa med to tekstar blir levert på fastsett dato i slutten av semesteret, etterfølgd av ein justerande munnleg eksamen. Endeleg karakter etter skalaen A-F, der F er ikkje bestått, blir gjeven etter ei samla vurdering av dei skriftlege tekstane og den munnlege eksamen.
I tilfelle ein kandidat får karakteren F til ordinær eksamen vil det ikkje bli gitt adgang til kontinuasjonseksamen. Kandidatar som stryk til ordinær eksamen, må vente til neste ordinære eksamen.
Dato for eksamen
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.