Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2019
LER-1100B Norsk fellesemne - 15 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet er eit obligatorisk emne i grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn og eit fagval i grunnskolelærarutdanning for 5.-10. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.
Forkunnskapskrav: Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning 1.-7. og 5.-10. trinn.
Innhold
I dette emnet skal studentane utvikle kunnskapen sin om tekst og om ulike tilnærmingar til arbeid med tekst. Dei skal sjølv lese, skrive og framføre tekstar, og det blir lagt vekt på å utvikle den munnlege kompetansen.
Studentane vil få kunnskap om norsk grammatikk som system og som reiskap for å analysere og vurdere elevtekstar og for å gi respons på tekster av medstudentar. Av litteratur vil det bli lagt vekt på barnelitteratur og folkediktning som eventyr og sagn, også samiske.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- kunnskap om språket som system med vekt på morfologi, syntaks og tekstgrammatikk
- kunnskap om språket i bruk og språkleg variasjon og norm
- kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
- kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving, munnleg kommunikasjon og til arbeidet med litteratur og lesestrategiar
- kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for barn
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og kan gi læringsfremmande respons
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- meistrar skriftleg bokmål og nynorsk
Kompetanse
Studenten:
- kan vurdere og reflektere over eigen fagleg aktivitet og sjå den i samanheng med elevanes arbeid i faget
- kan legge til rette for at elevane blir trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan identifisere norsklærerens rolle og oppgåver knytt til lesing, skriving og munnlegheit som grunnleggande ferdigheiter
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla sine grunnleggande språklege ferdigheiter, særleg sine munnlege ferdigheter gjennom arbeidsformer som forteljarverkstad, høgtlesingsverkstad og ulike munnlege framføringar. Studentane skal dele sine tolkingar og oppleving av litteratur gjennom samtale og andre kreative tilnærmingar.
Antal undervisningstimar utgjør om lag 75 timar, inkludert seminarundervisning.
Kvalitetssikring av emnet
Alle emne blir evaluert ein gong i løpet av programperioden.
Praksis
For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.
Eksamen
Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:
- 70 % deltaking på undervisning
- ein skjønnlitterær tekst (maks 2000 ord) skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
- ein grammatikktest
- munnleg framføring i gruppe med respons til andre grupper
- to notat
Notat kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digitale tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.
For studentar på 1-7: Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk
For studentar på 5-10: Begge målformer skal vere representert i omtrent like stort omfang.
Eksamen tar utgangspunkt i eit tekstmateriale:
For studentar på 1-7: Heimeeksamen (2 dagar). Målform: nynorsk.
For studentar på 5-10: Heimeeksamen (2 dagar). Målform: bokmål.
Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk.
Ved karakter F/ikkje bestått blir det tilbydt kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbydt utsatt eksamen i byrjinga av påfølgande semester. Frist for å melde seg opp til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamen i haustsemesteret og 15. august for eksamen i vårsemesteret.
Pensum
LER- 1100B, Grunnleggjande norsk 1.- 7.trinn
Pensum 2018-2019, for kull 2018 (1. studieår)
I denne lista er det sett opp ca. 960 sider teori- og didaktikkpensum som særleg høver for det første studieåret i lærerutdanninga. Pensumet består av teori og didaktikk og primærlitteratur i ulike sjangrar og rettar seg mot det å undervise på mellomtrinnet i grunnskolen. Det kan kome mindre endringar.
Pensumet for begge åra heng saman, slik at det i studiet vil vere naudsynt å lese delar av pensum på tvers av det som er sett opp for dei to åra.
Teori- og didaktikkpensum for 1. studieår (900 sider):
Anmarkrud, Øistein og Vigdis Refsahl (2010). Gode lesestrategier på mellomtrinnet Cappelen (80 s.)
Birkeland, Tone og Ingeborg Mjør (2012): Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar. Oslo: LNU/Cappelen Akademisk forlag. Kap. 1,2,3 (53 s). Resten av boka er pensum 2. året.
Bjorvand, Agnes-Margrethe (2012). Vurdering av barnelitteratur. Formidlerens rolle i jakten på de gode leseopplevelsene. I
Bjorvand, A-M og Tønnessen, E.S. (red.). Den andre leseopplæringa. Utvikling av lesekompetanse hos barn og unge. 2. utg. Oslo: Universitetsforlaget (21 s) K
Børresen, Beate, Lise Grimnes og Sigrun Svenkerud (2012). Muntlig kompetanse. Fagbokforlaget. Kap. 1: Muntlig kompetanse, s. 13-55, (41s) K
Engen, Liv (2014). Ordforråd. Frå Rettleiingssheftet Leselos: http://lesesenteret.uis.no/boeker-hefter-og-materiell/film/andre-filmer/ordforraad-article86306-12695.html (Publisert 23.04.2014) (7 s)
Eskil, Hilde & Benedicte Hambro (2003). Snikk, snakk, snute. En praktisk bok om muntlig fortelling. Kap. 2: Snakk fikk meg hit, s 23-44 (21 s) K
Jansson, Benthe Kolberg og Hilde Traavik (red. 2014). Norskboka 2 Norsk for grunnskolelærerutdanning 1-7 Universitetsforlaget kap. 1, 2, 3, 4, 5, 7, 8, 10, 11, 12.
(194 s.) Resten av boka er pensum 2. året.
Lillesvangstu, Marianne, Elise Seip Tønnessen og Hanne Dahl-Larssøn (red.) (2007). Inn i teksten - ut i livet: Nøkler til leseglede og litterær kompetanse. Bergen: Fagbokforlaget, kap.1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 12. (141 s.)
Monsen, Marte og Gunhild T. Randen (2017). Andrespråksdidaktikk - en innføring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kapittel 6: Ordforråd og ordlæring på et andrespråk s.77-90 og kapittel 7: Språklig bevissthet, s 91-103 (25 s) K
Skjelbred, Dagrun (2014). Elevens tekst. Et utgangspunkt for skriveopplæring. 4. rev. utg. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. (ca.200 s.)
Sjøhelle, Dagrun Skibsgaard (2011). "Vurdering av sammensatte tekster - vanskelig, men nødvendig". I: Smidt, Jon, Randi Solheim Arne Johannes Aasen (red.): På sporet av god skriveopplæring Tapir akademisk forlag. (18 s.) K
Smidt, Jon. (2009). Norskfag og norskdidaktikk og Norskfagets dimensjoner. I Smidt, J. (red.) Norskdidaktikk - ei grunnbok. 3.utg. (s.13-22). Oslo: Universitetsforlaget. (9 s.) K
Smidt, Jon (2018). Norskfaget mellom fortid og framtid. Scene og offentlighet. Fagbokforlaget. LNU. Kap. 5: Norskfagets dimensjoner, s.75-96 (21 s.) K
Traavik, Hilde og Benthe Kolberg Jansson (red.2013). Norskboka 1 Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7 kap. 7, 8, 9, 11, 12, 13. Universitetsforlaget (107s.) Resten av boka er pensum 2. året.
Wicklund, Beret (2011): Hvordan kan vi lære elever å skrive fortellinger? I: Smidt, Solheim og Aasen: På sporet av god skriveopplæring (14 s) K
Kunnskapsløftet (LK06- revisjon 2013). Norskdelen, Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar, og Læreplan i norsk for elevar med samisk som førstespråk, samt Rettleiing til læreplan i norsk.
Eit læreverk til bruk på mellomtrinnet
Nynorsksenteret: Test, øvingar og minigrammatikk: www.nynorsksenteret.no/
Til bruk i seminarundervisning:
-Fjørtoft, Henning (16.01.2013). Kva er lesing? NTNUOpenVideo. Tilgjengeleg frå: https://www.youtube.com/watch?v=aJn_N7Q-Bao -Skrivesenteret. Min språkhistorie. (Publisert 14. juni 2013)
-Lesesenteret (2015). Sokratisk seminar. Et eksempel på en måte å organisere litteratursamtalen i klasserommet. Tilgjengeleg frå: https://vimeo.com/122965553
-Utdanningsdirektoratet (04.04.2013). VFL - Hasle skole. Cynergi Film og TV.
Tilgjengeleg frå: https://www.youtube.com/watch?v=X1Lj27HebeE
Primærlitteratur:
Nyare barne- og ungdomslitteratur:
Bildebøker (felles)
Dahle, Gro (2013). Krigen. Oslo: Cappelen Damm
Horndal, Sissel: (2015). Sølvmånen. CállidLágádus
Barneromaner (felles)
Øvreås, Håkon (2013): Brune. Oslo: Gyldendal
Akerlie, Iben (2016) Lars er LOL. Oslo: Aschehoug
Kvar student legg opp to barne- og ungdomsromanar frå følgjande liste etter val i samråd med lærar (denne lista vil bli supplert til hausten):
Arvola, Ingeborg (2012): Carla, min Carla. Oslo: Cappelen Damm
Grimstad, Lars Joachim (2014): Statsminister Fahr & Sønn. Barna som forsvant. Oslo: Aschehoug
Horst, Jørn Lier (2013). Gravrøvergåten. Oslo: Kagge forlag AS
Kinney, Jeff (2011): En pingles dagbok. Oslo: Gyldendal
Koca, Aysa (2015). Yoko Onur - et balleliv. Oslo: Omnipax
Kaaberbøl, Lene (2012): Eldprøva. Første bok i serien. Nynorsk versjon Oslo: Samlaget
Lindgren, Astrid (1974). Brødrene Løvehjerte. Oslo: Cappelen Damm
Solberg, Audhild (2015) [2014]. Kampen mot superbitchene. Oslo: Aschehoug
Sunne, Linn T (2007). Happy. Oslo: Samlaget
Korttekstar (felles):
Aakeson, Kim Fupz (1995): "Hunden" Frå: Sidemanden. Noveller. Gyldendal. K
Dahl, Roald: "Opp-ned musene". Frå: https://www.udir.no/globalassets/upload/nasjonale_prover/eksempeloppgaver/5/2_-eksoppg_lesing_5_steget_nn.pdf
Haller, Bent (1998): "Ispigen" Frå: Ispigen og andre fortællinger. Haust&Søn K
Jansson, Tove: "Det usynlige barnet". Frå: Jansson, Tove (1994): Det usynlige barnet og andre fortellinger. Oslo: H. Aschehoug & Co
Osland, Erna (2004). «Mikke mus» Frå: Nær nok. Oslo: Samlaget. K
Stien, Laila (1979): "Skolegutt". Frå: Nyveien. Oslo: Tiden forlag. K
Eventyr, sagn og myter (felles):
Andersen, H.C. (1848). «Den lille pige med svovlstikkerne» Fra Nye eventyr.
https://www.andersenstories.com/da/andersen_fortaellinger/den_lille_pige_med_svovlstikkerne
Asbjørnsen og Moe: "Kvitebjørn kong Valemon" K
Asbjørnsen, P. Chr. «Skarvene fra Ut-Røst». I Norske huldreeventyr og folkesagn. Fortalt av P. Chr. Asbjørnsen (1995). K
Normann, Regine (1925): "Ringelihorn" K
Tsjudene og veiviseren, Russerne blir lurt, Haldekua og Stallu lures av en pike. I Pollan, B. (red.) (2005). Samiske beretninger. Oslo: Aschehoug & Co. K
Hvordan myggen slapp ut i verden. I Birkeland, K. (1986). Stalloer tror at månen er et bål. Oslo: J. W. Cappelens Forlag AS. (s. 20-21).
Rystende og mystiske hendelser på Borgtun skole. I Larsen, R. (2010) Det uforklarlige Nord-Norge. Levende sagntradisjon fra landsdelen. Tromsø: Arktisk Forlag. (s. 77). K
Sakprosa og digitale tekstar:
Skåden, Sigbjørn (2012): Samer. Cappelen Damm.
Eit utval sakprega og multimodale tekstar for barn (til dømes film, teater, animasjonar)