Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2019
LER-1101 Norsk 1-7 Begynneropplæring - 15 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet er eit obligatorisk emne i master i lærarutdanning for 1.-7. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.
Forkunnskapskrav: Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn.
Innhold
Dette emnet har eit særleg fokus på barns språkutvikling. Det blir lagt vekt på overgangen barnehage - skole og på begynnaropplæring i lesing og skriving for einspråklege og fleirspråklege elevar med vekt på tilhøva i Nordnoreg. Studentane blir kjent med ulike tilnærmingar til lesing og skriving, med førebygging av lese- og skrivevanskar og med ulike former for kartlegging.
Vidare skal studentane lese eit utval barnelitteratur i ulike sjangrar med sikte på å skape interesse og motivasjon for lesing. Arbeid med IKT og multimodale tekstar er ein sjølvsagd del av emnet.
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har:
- brei kunnskap om barns språkutvikling og barns skrive- og leseutvikling
- kunnskap om språket som system med vekt på fonologi og morfologi
- kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og språkleg mangfald som ein ressurs
- kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, særleg i begynnaropplæringa
- kunnskap om litterær analyse og litteraturdidaktikk
- kunnskap om lese- og skrivevanskar i eit førebyggande perspektiv
Ferdigheiter
Studenten kan:
- bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for val som kan fremme munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
- gjere greie for og reflektere over val av ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa
- analysere og tolke ulike typar tekstar, også samiske
- samtale om og formidle litteratur på varierte måtar som kan stimulere elevers leselyst og vidare lesing
- bruke ulike kartleggingsverktøy og oppdage forsinka lese- og skriveutvikling
- reflektere over tilpassa opplæring i lese- og skriveopplæringa
- vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på læringa til ulike elevar
Kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn, særleg i begynnaropplæringa
- kan reflektere over korleis ein som norsklærar kan drive innovativ og fantasifull undervisning som fører til meistring og utvikling
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir lagt vekt på at studentane får utvikla ferdigheitene sine i lesing og skriving gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og prosesskriving, og gjennom vurdering av eige og andres arbeid. Studentane skal også produsere og prøve ut digitale læringsressursar og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen.
Antal undervisningstimar utgjør om lag 75 timar, inkludert seminarundervisning.
Kvalitetssikring av emnet
Alle emne blir evaluert ein gong i løpet av programperioden.
Praksis
For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.
Eksamen
Følgande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:
- 70 % deltaking på undervisning
- ein fagtekst (omlag 3000 ord) skrive i eit prosessorientert løp med eigenvurdering og respons til medstudent
- ein grammatikktest
- produsere og/eller vurdere ein digital multimodal tekst
- eit notat knytt til barnelitteratur
Notatet kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digitale tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.
Begge målformer skal vere representert.
Eksamen består av:
- Heimeeksamen (5 dagar). Multimodal digital tekst og eit skriftleg notat knytt til denne på omlag 1500 ord. Målform: bokmål
Eksamen blir vurdert med bokstavkarakter A-F, der F blir rekna som stryk.
Ved karakter F/ikkje bestått blir det tilbydt kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbydt utsatt eksamen i byrjinga av påfølgande semester. Frist for å melde seg opp til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamen i haustsemesteret og 15. august for eksamen i vårsemesteret.
Dato for eksamen
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.
Pensum
LER- 1101, Norsk på 1.-3. trinn
Pensum 2018-2019 for kull 2017 (2. studieår):
Pensumet består av teori og didaktikk og primærlitteratur i ulike sjangrar. I denne lista er det sett opp ca. 830 sider teori- og didaktikkpensum som særleg eigner seg for det andre studieåret. Eit utval nettressursar og kjem i tillegg. Pensumet for begge åra heng saman, slik at det i studiet vil vere naudsynt å lese delar av pensum på tvers av det som er sett opp for dei to åra.
Teori- og didaktikkpensum (900 sider):
Birkeland, Tone og Ingeborg Mjør (2012). Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar. Oslo: LNU/Cappelen Akademisk forlag. Kapittel 4-10 (106 s)
Finne, Tone., Sissel Roås, og Ann-Kristin Kjølholdt (2014). Den første skrive- og leselæringen. Bruk av PC med lydstøtte. I Bedre Skole nr.2, s.32-37. (6 s.). Kan hentast frå: https://cld.bz/bookdata/EQK6Ryo/basic-html/page31.html
Fjørtoft, H. (2014). Grunnleggende ferdigheter i norsk. I Skovholt, K. (red.) Innføring i grunnleggende ferdigheter. Praktisk arbeid på fagenes premisser. (s. 55-87). Oslo: Cappelen Damm (29 s.) K
Jansson, Benthe Kolberg og Hilde Traavik (red. 2014). Norskboka 2 Norsk for grunnskolelærerutdanning 1-7 Universitetsforlaget. Kapitla: 6 (Digital kompetanse på barnetrinnet), 9 (Lese- og skrivevansker) og 14 (Læringsressurser: Vurdering og bruk). (60 s.)
Hagtvet, Bente Eriksen (2004). Språkstimulering. Tale og skrift i førskolealderen. Cappelen Akademisk. Nøkkelområde 3: Språklig bevissthet, s 235-263 (28 s.) K
Hekneby, Greta (2005). Elevens håndskrift. Skriftforming i grunnskolen. Universitetsforlaget Kap. 1, 2 og deler av 3, s 17-41 (23 s) K
Høigård, Anne (2013). Barns språkutvikling muntlig og skriftlig.3. utg. Universitetsforlaget. Kap. 3, s 115-157 (42 s.) K
Iversen, Harald M og Hildegunn Otnes (2016). Å lære å skrive. Tekstkompetanse i norskfag ets skriveopplæring. Universitetsforlaget. Kap.2: Å undervise i skriving, s 31-60 (29 s) K
Klæboe, Grethe og Dagrun Kibsgaard Sjøhelle (2013). Veiledet lesing og skriving i begynneropplæringen. Cappelen Damm Akademisk, kap 1-5 (140 s.)
Lyster, Solveig-Alma Halaas (2009). Ordforråd og leseutvikling. I: Frost, Jørgen (red.). Språk- og leseveiledning - i teori og praksis (s. 231-251). Cappelen Akademisk. (20 s) K
Matre, Synnøve: Arbeid med «munnlege tekstar», Klassesamtale, Gruppesamtalar, Munnleg språkbruk- didaktisk refleksjon (s.207- s.239). I Smidt, Jon (red.) (2009): Norskdidaktikk - ei grunnbok 3. utg. Oslo: Universitetsforlaget (32 s.) K
Traavik, Hilde og Benthe Kolberg Jansson (red.) (2013). Norskboka 1 Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7 Universitetsforlaget. Kapitla 1 (Frå barnehage til skole), 2 (Tidlig skrive- og leseutvikling, 3 (ABC-boka) 4 (Arbeidsmåtar i skriftspråksopplæringa på småskolesteget), 5 (Fonetikk og fonologi), 6 (Morfologi), 10 (Begynneropplæring for elever med norsk som andrespråk) (132 sider ny tekst)
Tønnessen, Elise Seip og Magnhild Vollan (2010). Begynneropplæring i en sammensatt tekstkultur. Kristiansand: Høyskoleforlaget. (222 s.)
Eit utval nettressursar og nettartiklar om begynnaropplæring.
Om rask bokstavprogresjon,(YouTube): https://www.youtube.com/watch?v=S3JE7MNKMyg
Kunnskapsløftet (LK06- sjå justert plan 2013). Norskdelen, Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar, og Læreplan i norsk for elever med samisk som førstespråk, samt Veiledning til læreplan i norsk.
Primærlitteratur:
Primærpensum 2. studieår. Denne delen av pensum er under revisjon og vil vere klar ved studiestart.
Barnebøker (felles)
Mæhle, Lars (2008): Knoterud FK erobrer verden. Cappelen Damm.
Parr, Maria (2009): Tonje Glimmerdal. Det Norske Samlaget.
To av bøkene på lista under etter eiga val:
Angerborn, Ingerlin (2008): Hvis jeg bare ikke hadde tatt feil hund. Gyldendal.
Bødker, Benni (2008): Sarin i Svoveldalen. Gyldendal.
Dahl, Roald (2005): Georgs magiske medisin. Gyldendal.
Nilsen, Ole-Mikal (2005): Døden lyser blått. Gyldendal.
Josefine Ottesen (2007): Dragens offer. Drageherre-serien.
Sande, Hans (2009): Er du blind i dag, Elise? Cappelen Damm.
Widmark, Martin (2010): Galopp-mysteriet. LasseMajas Detektivbyrå nr 17. Cappelen Damm.
Bildebøker (felles)
Dahle, Gro og Svein Nyhus (2002): Snill. J.W. Cappelens Forlag.
Hovland, Henrik og Torill Kove (ill.) (2003): Johannes Jensen føler seg annerledes. Cappelen Damm.
Rørvik, Bjørn (2017). Bukkene Bruse begynner på skolen. Cappelen Damm
Eldre og nyare dikt for barn (inga endring i denne delen). K
Bjerke, Andre: "Nå begynner vi!"
Hagerup, Inger: "Herr Kakerlakk"
Jensen, Eva: "Grønt " og " Rødt" fra diktsamlinga Alt kan begynne med hvitt
Krykkja, Helge: "Båten gyngar med oss om bord"
Mørck, Sidsel: "Ertevers"
Nyquist, Arild: "Krokodillen, grønn og lang"
Obstfelder, Sigbjørn: "Regn"
Tuverud, Rune: "Hva skal du bli"
Vinje, Aasmund Olavson: "Blåmann"
Wergeland, Henrik: "Sommerfuglen"
Eit utval (5-7) songer som høver på 1.-3. trinn (inga endring i denne delen) K
Berset, Odd: Eventyrvisa
Buljo, Ellen Anne: Antesangen
Prøysen, Alf: Året rundt
Sivertsen, Halvdan: Sommerfuggel i vinterland
Fortellingar/noveller
Sakprosa
Tekstar som høver for 1.-3. trinn.
abc-tekstar
Jensen, Eva (2000): Alle i Alta kan. Det Norsk Samlaget. "A" K
Wiig, Margrethe (1951): Samiædnamis. I Sameland. Oslo: Tanum. Side 4-5 og 16-17 K
En abc eller tilsvarende om begynneropplæring til bruk i seminarundervisningen.