Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2018
NOR-3012 Nordisk språkvitenskap: Faghistorie, teori og metode - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Studiepoengreduksjon
Innhold
Hva lærer du
Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studentane har:
- oversyn over den faghistoriske utviklinga i nordisk språkvitskap med vekt på norsk språkforsking
- innsikt i vitskapsteoretiske forhold
- innsikt i metodiske forhold
- har ei sikker og formelt rett språkføring
Ferdigheiter
Studentane kan:
- kjenne att, gjere greie for, vurdere og drøfte ulike faglege og teoretiske orienteringar som inngår i studieemnet
- utføre sjølvstendig vitskapleg arbeid med språkleg materiale
- demonstrere kunnskap og evne til sjølvstendig fagleg drøfting
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråk: norsk
Eksamensspråk: Norsk. Målform: målforma som ikkje blir nytta i mastergradsoppgåva.
Undervisning
Omlag 26 undervisningstimar i form av forelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Pensumlitteraturen kan være på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.
Eksamen
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav må vere godkjende av faglærer innan fastsett frist før ein kan framstille seg for eksamen:
- ein munnleg presentasjon på om lag ein halv time av eit emne innafor pensum.
Eksamen består av:
- ei vekes heimeeksamen over oppgjeve emne. Oppgåva skal vere på 10-15 sider. Eksamensspråk: Norsk. Målform: målforma som ikkje blir nytta i mastergradsoppgåva. Ved alle eksamenar i nordisk blir rett og god språkføring vektlagt.
- ei vekes heimeeksamen i Wiseflow: 10.12 - 17.12. Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret.
Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.
Vurderingsutrykk:
Bokstavkarakterar:
Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar frå A–F, der F er ikkje greidd.
Kontinuasjonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen/utsett eksamen er 15. januar emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.
Pensum
Bøker
Hårstad, S., T. Lohndal & B. Mæhlum. 2017. Innganger til språkvitenskap: Teori, metode og faghistorie. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (210 s.)
Johannessen, J.B. (red.) et al. 2003. På språkjakt - problemer og utfordringer i språkvitenskapelig datainnsamling. Oslo: Unipub. Artiklane av Faarlund (s. 5- 30), Lanza (s. 59- 81) og Johannessen (s. 133- 171). (88 s.)
Artiklar (kompendium)
Generelt pensum
Platzack, C. 1988. Att forska i nordiska språk - problem, teorier och forskningstraditioner. (17 s.)
Longum, L. 1995. Nordistikken og det nasjonale. (20 s.)
Jahr, E.H. [1996] 2008. Nynorsk språkforskning- en historisk oversikt. (16 s.)
Eldre språkhistorie
Rindal, M. 1984. Marius Hægstads arbeid med gammalnorske dialektar. (15 s.)
Christoffersen, M. 1995. Om forholdet mellom filologi og historisk lingvistikk. (24 s.)
Kristoffersen, K.E. 1996. Marius Nygaards arbeid med norrøn syntaks i eit vitskapsteoretisk lys. (16 s.)
Delsing, L.-O. 2000. Diakron syntaks i ljuset av generativ grammatikk. (20 s.)
Nyare språkhistorie
Vikør, L.S. 1991. Språhistorie og språkmedvett. (15 s.)
Jahr, E.H. 1993. Forklaringsmodeller i norsk språkhistorieskriving. (16 s.)
Vikør, L.S. 1994. Korfor fekk vi språkstrid? Forklaringsmodellar i nyare norsk språkhistorie (8 s.)
Longum, L. 1989. Språkforskning og språkstrid. (30 s.)
Talemål og sosiolingvistikk
Beito, O.T. [1968] 1973. Utsyn over norsk målføregransking. (10 s.)
Sollid, H. 2009. Utforskning av nordnorske etnolekter i et faghistorisk lys. (23 s.)
Kognitiv lingvistikk
Janda, L.A. 2015. Cognitive linguistics in the year 2015. (24 s.)
Etikk
Eckert, P. 2013. Ethics in linguistic research. (15 s.)
Kor kan pensumlitteraturen kjøpast/lånast?
Pensumbøkene er å få tak i på Akademika Tromsø (campus) og Universitetsbiblioteket (KS). Artikkelpensumet blir trykt i eit kompendium som studentane må kjøpe på Akademika ved semesterstart.