Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2017
NOR-1011 Moderne språkstruktur - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Studiepoengreduksjon
Innhold
Søknadsfrist
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Søknadskode 9199 enkeltemner lågare nivå (ikkje realfag).
Hva lærer du
Etter greidd eksamen får studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studenten får:
- grundige kunnskapar om moderne norsk morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - morfologi og syntaks i samsvar med teoriar og metodar som emnet byggjer på
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar, ca 52 timar. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.
Kvalitetssikring:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.
Eksamen
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav må vere godkjent før ein kan framstille seg for eksamen:
- Ei obligatorisk skriftleg oppgåve. Målform: nynorsk.
Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Time New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.
Eksamen består av:
- Skuleeksamen på 6 timar. Eksamensspråket er bokmål. Ingen tillatne hjelpemiddel. Ved alle eksamenar i nordisk blir rett og god språkføring vektlagt.
Vurderingsuttrykk:
Bokstavkarakterar:
Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar A-F, der F er ikkje greidd.
Kontinuajonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Ved gyldig forfall har studenten høve til å ta utsett eksamen i byrjinga av påfølgjande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.
Dato for eksamen
Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret.
Pensum
Åfarli, Tor og Laila Sakshaug (2006): Grammatikk: Syntaks og morfologi med norsk i sentrum. Samlaget, Oslo
Johannessen & Hagen (2007): Nye grammatiske termer i skoleverket (tilgjengeleg online frå sidene til Språkrådet)