Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2017
HIF-2043 Språk og tekst i sosiale medier - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Emnet kan takast som enkeltemne. Studenter som går bachelor i språk og litteratur eller lektorutdanning trinn 8-13, studieretning nordisk, må ta dette emnet under koden NOR-2043.
Emnet kan også takast som enkeltemne av internasjonale studentar (utvekslings-gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet.
Emnet har 100 % overlapp med NOR-2043 og NOR-2053.
Studiepoengreduksjon
Innhold
Søknadsfrist
Opptakskrav
Emnet kan takast som enkeltemne. Studenter som går bachelor i språk og litteratur eller lektorutdanning trinn 8-13, studieretning nordisk, må ta dette emnet under koden NOR-2043.
Emnet kan også takast som enkeltemne av internasjonale studentar (utvekslings-gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet.
Søknadskode for enkeltemnestudentar: 9199 - enkeltemne lågare grad (ikkje realfag)
Hva lærer du
Etter greidd emne har studentane oppnådd følgjande læringsresultat:
Kunnskapar og forståing:
Studentane har:
- kunnskap om kjennemerke ved skriftleg språkføring i ulike former for sosiale medium.
- forstå korleis språket i sosiale medium liknar og skil seg både frå andre skriftspråklege tekstar og frå munnleg språkbruk.
- kunnskap om digital litteratur og kva som skil denne typen litteratur frå andre litterære uttrykksformer.
Ferdigheiter:
Studentane kan:
- vere i stand til å kjenne att og analysere sentrale kjennemerke på språkbruken i ulike typar sosiale medium i lys av allmenne teoriar om språkbruk.
- utvikle tankar omkring pedagogiske utfordringar og moglegheiter knytt til språk i sosiale medium.
- kunne drøfte innhaldsformidlinga i tekstar skrivne for sosiale medium, og peike på bruken av litterære virkemiddel i slike tekstar.
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråk: norsk, ev. også engelsk og skandinavisk
Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk), engelsk, svensk, dansk
Pensumlitteraturen kan vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.
Undervisning
Eksamen
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen må studenten i løpet av semesteret ha skrive tre bloggtekstar på mellom 4000 og 10 000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege.
Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 5 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. Tekstane kan skrivast på valfri språkform, anten norsk, engelsk, dansk, svensk eller eit anna språk godkjent av den/dei kursansvarlege.
Tekstane blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Eksamen består av:
Semesteroppgåve på 10-15 sider som er ei vidareutvikling av ein av dei tre bloggtekstane levert under arbeidskravet. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord (ekskl. framside, referansar og vedlegg). Ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane, men skal ikkje overstige 30 sider. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet i kurset til relevante problemstillingar som gjeld språk og tekst i sosiale medium. Kvar student kan få inntil to timar rettleiing på oppgåva.
Eksamensspråket er valfritt mellom norsk (bokmål eller nynorsk), engelsk, svensk og dansk og ev. andre språk i den grad det let seg praktisk gjere å gjennomføre.
Vurderingsuttrykk:
Emnet vert vurdert med bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".
Kontinuasjonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Kontinuasjonseksamen vert arrangert så snart som mogleg etter ordinær eksamen og normalt seinast 15. februar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.
Pensum
Bøker og avhandlingar:
Bjørkelo, K.A. 2013. Gi meg en scene! Norsk blogghistorie. Ti år med terror, traumer og dagens outfit. Oslo: Humanist forlag. 7-63, 151-217. (122 s.)
Evjen, L.R. 2011. æ sitt med klump i halsen når æ skriv det hær: dialekt i skriftspråket i debattforum knytt til tre norske nettaviser. Masteroppgåve i nordisk språkvitskap, UiT. (125 s.)
Rettberg, J.W. 2014. Seeing Ourselves Through Technology: How We Use Selfies, Blogs and Wearable Devices to See and Shape Ourselves. Hampshire: Palgrave. (110 s.)
Artiklar:
Androutsopoulos, J. 2013. Online Data Collection. I C. Mallinson, B. Childs & G.V. Herk (red.): Data Collection in Sociolinguistics. Methods and Applications. New York: Routledge. 236-249. (13 s.)
Bhroin, N.N. 2013. Small Pieces in a Social Innovation Puzzle? Exploring the Motivations of Minority Language Users in Social Media. I T. Storsul & H. Krumsvik (eds.): Media Innovations: A Multidisciplinary Study of Change. Göteborg: Nordicom. 219-238. (19 s.)
Dewilde, J. & M.I. Igland. 2015. «No problem, janem». En transspråklig tilnærming til flerspråklige elevers skriving. I A. Golden & E. Selj (red.): Skriving på norsk som andrespråk. Vurdering, opplæring og elevenes stemmer. Oslo: Cappelen Damm. 109-126. (18 s.)
Hougaard, T.T. 2014. Sproglige forandringer i de nye medier - fra chatstil til hashtagpoesi. I Nydanske språkstudier, 46. 39-66. (28 s.)
Kornai, A. 2013. Digital Language Death. PLoS ONE 8(10): e77056. doi:10.1371/journal.pone.0077056. (11 s.)
Marwick, A.E., Boyd, D. 2011. "I Tweet Honestly, I Tweet Passionately": Twitter Users, Context Collapse, and the Imagined Audience. New Media and Society, 13. 113-133. (20 s.)
Sunde, A.M. 2015. Engelskpåverknad i den norske dataspelkulturen. Mål og makt 2015, hft. 163. 47-53. (5 s.)
Stæhr, A. 2015. Sociale medier og hverdagssprog. I F. Gregersen & T. Kristiansen (red.): Hvad ved vi nu - om danske talesprog? København: Sprogforandringscentret, Københavns Universitet. 153-164. (10 s.)
Tagg, C. & P. Seargeant. 2016. Facebook and the discursive construction of the social network. I A. Georgakopoulou & T. Spilioti (red.), The Routledge Handbook of Language and digital Communication. London: Routledge. 339-353. (15 s.)
Kor kan pensumlitteraturen kjøpast/lånast?
Bjørkelo (2013) kan kjøpast på Akademika eller lånast på UB. Øvrig pensum er i all hovudsak tilgjengeleg på nettet. Det blir lagt ut lekkjer til dette stoffet i Fronter-rommet for kurset. Pensumlista vil bli justert i form av tillegg.