Skriv ut | Lukk vindu |
Høst 2016
NOR-3113 Nordisk litteraturvitenskap: Jon Fosses forfatterskap - 10 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Studiepoengreduksjon
Innhold
Søknadsfrist
Opptakskrav
Hva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studentane har:
- spesialisert kunnskap om Fosses forfattarskap, enkeltverk og skrivemåte/poetikk
- inngående kunnskap om sjangerteori/litteraturteori
Ferdigheiter
Studentane kan:
- bruke kunnskapen på nye område innanfor fagfeltet
- analysere faglege problemstillingar
- arbeide sjølvstendig med teori og litteratur
- bruke relevant teori og metode i tolking av litterære tekstar
- analysere og kritisk drøfte ulike forståingar av forfattarskapen/enkeltverk
Kompetanse
Studentane kan:
- kan formidle sjølvstendig vitskapeleg arbeid på ein fagleg adekvat måte
- kan kommunisere om faglege problemstillingar innanfor fagområdet
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisning
Eksamen
Arbeidskrav:
Følgjande arbeidskrav må vere godkjend før ein kan framstille seg for eksamen:
- eit førebudd munnleg innlegg på om lag 10 minutt.
Eksamen består av:
- 7 dagars heimeeksamen over oppgjeve emne. Oppgåva skal vere på om lag 10 sider. Valfri målform, bokmål eller nynorsk.
Alle skriftlege arbeid er baserte på følgjande standard: Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand, 2,5 cm marg.
Vurderingsuttrykk:
Bokstavkarakterar:
Ved bedømming av eksamen vert det nytta karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.
Kontinuasjonseksamen:
Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere. Kontinuasjonseksamen vert arrangert så snart som mogleg etter ordinær eksamen og normalt seinast 15. februar for emne som vert gitt i haustsemesteret, og 15. september for emne som vert gitt i vårsemesteret.
Pensum
I Skjønnlitteratur
Romaner
Trilogen Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd. Samlaget, Oslo 2014
Kortprosa
Prosa frå ein oppvekst. Samlaget, Oslo 1994
Lyrikk
Poesiar. Etter Henrik Wergeland. Samlaget, Oslo 2016
Dramatikk
Nokon kjem til å komme. Samlaget, Oslo, 1996
Dødsvariasjonar. Samlaget, Oslo, 2002
II Teori
Romanteori
Tone Selboe: Hva er en roman? Universitetsforlaget, Oslo, 2015
Teori om kortprosa (i kompendium)
Utdrag fra Marit Grøtta Litterære bagateller. Introduksjon til litteraturens korttekster. Cappelen Damm Akademisk. Oslo, 2009.
Lyrikkteori
Dan Ringgaard: Digt og rytme, Gads Forlag, København 2001
Dramateori (i kompendium)
Aristoteles: Om diktekunsten, kap. V-XIII (38 s.), overs. av Sam. Ledsaak, Oslo 1989
Deborah R. Geis: ""Always Was Best at Talking to Myself": Monologue and Theatrical (Re)presentation", s. 7-27 i Geis:
Postmodern Theatric(k)s, University of Michigan Press, 1993 (20 s.)
Andrew Kennedy: "Duologues of Isolation", s. 198-233 i Kennedy: Dramatic Dialogue. The Duologue of Personal Encounter, Cambridge 1983 (35 s.)